Slik kontaktar du oss:
Annonser:
BU søknad
Søknaden som var grunnlaget for at Førdefjorden Vel vart tatt opp i bygdeutviklingsprogrammet
INNLEIING
Kvammen- og Flokenes området i Førdefjorden er i ein endringsperiode i høve etablering og tilflytting. Folketalet er på veg ned. Grunnen til dette er generasjonsskifte, nedgang i fødselstal og lite tilflytting.
Førdefjorden Velforeining er opptatt av å skape ei positiv utvikling i bygda og av å tenkje nytt. Vi ynskjer å profilere bygda som ein god stad å bu og som eit godt alternativ til å etablere seg i pendlaravstand frå Førde og Askvoll.
Vi ynskjer å gå saman med ulike lag og organisasjonar i bygda for å få til ein positiv utviklingsprosess. For å få dette til er ein plass i Bygdeutviklingsprogrammet til Fylkesmannen av stor interesse for oss.
Nedanfor vil vi presentere dei områda vi meiner er viktige å arbeide med for å skape trivsel og tilflytting til bygda. Først presenterer vi nokre områder velforeininga arbeider med no, men som treng ytterlegare stimulering med nærare samarbeid med andre lag i bygda.
Deretter presenterer vi utviklingsområde som kom fram etter ei spørjeundersøking i bygda i desember 2005.
BAKGRUNN
Kvammen/Flokenesområdet ligg på sørsida av Førdefjorden i Askvoll kommune. Det tek omlag ½ time med bil til kommunesenteret Askvoll og det same til Førde.
Dei som ikkje har arbeidet sitt i bygda, pendlar enten til Førde eller til Askvoll.
Bygda har barne- og ungdomsskule, SFO og barnehage. Dette er særs viktig for etablering i bygda. Vi har butikk med post og vi har flotte tilhøve for eit variert friluftsliv i skog og mark, på fjellet og ved/på sjøen. Velforeininga ynskjer i samarbeid med andre lag i bygda å arbeide for å leggje tilhøva enno betre tilrette for bruk av turområda.
Kvammen var tidlegare eit «sentrum» på sørsida av Førdefjorden med to butikkar og dampskipsekspedison. No er dette borte, men området ligg godt tilrette med tanke på å få til småbåthamn med tilhøyrande fasiliteter. Området ligg ikkje langt frå det kommunale byggefeltet i bygda. Her ligg også butikken, og i tilknyting til denne vert det no bygd eit allhus med garderobeanlegg for ballbana som også ligg her. Allhuset inneheld branndepot og det er planlagt m.a. trimrom og utleigelokale.
I Flokenes var det også tidlegare butikk, post og anløp for båtrute til Svanøy og Florø. Alt dette er nedlagt, men området er særs attraktivt som turområde både på sjøen og fjellet.
Bygda vår har eit variert næringsliv. I tillegg til gardsdrift, er her oppdrettsanlegg
for laks, butikk, maskinentrepenør, fleire kraftværk, drosje, tømrar- og betongverksemd. Den største arbeidsplassen er skulen og barnehagen som er samlokalisert.
Førdefjorden Velforeining ynskjer med sitt arbeid å vere med å bidra til at folk vil etablere seg i bygda. Vi er avhengige av å ha rein god dialog med kommunen og politikarane for å få hjelp til dette. Samstundes er vi glad for at Askvoll kommune tek del i bygdeutviklingsarbeidet med økonomisk stønad.
Førdefjorden Velforeining har tru på at å vere med i Bygdeutbiklingsprogrammet kan vi saman med andre lag og organisajonar i bygda halde fram arbeidet med å gjere bygda vår attraktiv.
PROFILERING AV BYGDA
Førdefjorden Velforeining vil syne at Førdefjordområdet er rein god stad å bu i pendlaravstand frå Askvoll og Førde. Vi kan tilby:
- Skule, barnehage og SFO
- Butikk
- Kyrkje
- Allsidig organisasjonsliv
- Idrettsskule og eige fotball-lag
- Ballbane og sandvolleyballbane
- Turorienteringsløype
- Kort veg til alpinanlegg
- Variert og flott natur
- Billege og solrike tomter med kort veg til butikk, skule og barnehage.
HEIMESIDE / BYGDESIDE
Krinsen vår er i dag samansett av 5 tidlegare skulekrinsar. Her er mange aktive lag og organisasjonar. Folketalet har stagnert og vi ynskjer tilflytting! Kommunen har ledige tomtar, men kven veit det? Vi trur at ei heimeside kan lette informasjonsarbeidet både for kommune, velforeining og for dei som er aktive i andre lag og organisasjonar. Vi vil kunne unngå at større arrangement vert lagt til same tid og at det vert uheldig konkurranse. Informasjonen vil og bli tilgjengeleg for alle i krinsen.
Skulen vår har ei viktig rolle i lokalsamfunnet. Entreprenørskap står på dagsorden og ei heimesiden vil kunne gje dei unge meir kunnskap om ressursane på heimstaden sin, og på denne måten vere med å gje dei ein sterkare identitet til heimstaden.
MÅL:
Vi ønskjer først og fremst å profilere krinsen vår på ein positiv måte.
Vi vil byggje opp ei brukarvennleg heimeside for innbyggjarane i krinsen vår. Nokre døme på kva vi ynskjer at ein skal kunne finne informasjon om er:
- Velforeininga: kva vert jobba med i velforeininga og i kommunen
- Næringsliv/turisme: kven driv med kva, korleis kan ein ta kontakt
- Bygda vår: plassering, kart, historie, ledige tomtar, kommunkasjon
- Lag og organisasjonar: styre, aktivitetar, referat, treningstider, presentasjon av arrangement
- Ung i krinsen: aktivitetar, kva skjer i ungdomsrådet og i kommunen, UKM
For dei som er har flytta ut skal heimesidene kunne nyttast for å kunne halde kontakten og orienterte seg om det som skjer «heime». Og kanskje kan ein sjå at her er tilbod og ressursar som gjer at ein kan og vil flytte attende? For andre som er litt forvitne skal dei lett kunne finne informasjon og sjå kva tilbod og kva for flotte og unike ressursar vi har i krinsen. Det er og eit mål at arbeidet med denne sida skal vere ein del av skulen sitt arbeid med entreprenørskap. Gjennom arbeidet vert elevane kjende med krinsen sin og ressursane her. Dei får og knytta fleire emne frå læreplanane inn i praktisk arbeid. Vi får eit samarbeid mellom skule og lokalsamfunn.
ORGANISERING/ARBEIDSOPPGÅVER:
Styret i velforeininga har det overordna ansvaret for heimesida og arbeidet med denne. Ein av styremedlemene, eller ein som styret har gjort avtale med, tar seg særskilt av oppfølging av dette arbeidet.
Det vert laga ein avtale mellom velforeininga og skulen. Her vert ansvar og arbeidsoppgåver fordelt og klargjort. Det vert og gjort avtale om evalueringsmøte før elevane tek sommarferie. Ansvarleg for styret kan ha ansvar for oppdatering om sommaren, dersom ikkje ein utfrå avalueringsmøtet med skulen skulle kome med ei anna og betre løysing.
Vi vil starte det praktiske arbeidet for elevane i grunnskuleveka. Grunnskuleveka er ei veke der det er fokus på skulen i lokalsamfunnet. Skulen med hjelp frå foreldra, innhentar informasjon denne veka og får lagt ut så mykje som mogeleg på heimesidene. Seinare vil skulen sette av tid, timeplanfeste tid, kvar veke til oppdatering/ endringar og å legge inn nytt stoff.
SMÅBÅTHAMN OG REKREASJONSOMRÅDE I KVAMMEN
Det har kome fram at det er ei aukande trong for småbåtplassar i Kvammen-området . Dette gjeld plassar til fastbuande og eventuelt til folk i nærområdet. Vi ser at ei småbåthamn og eit godt tilrettelagt friluftsområde vil kunne vere med på å auke interessen for tilflytting til området. Busetnaden vil bli styrka, sal av bustader vil kunne bli enklare m.m.
Ein er einige om at eit viktig prinsipp er å prøve å planlegge det heile utifrå eit miljøomsyn = med minst mogeleg forureining.
Her skal småbåthamn planleggast i nærleiken av badeplassar og rekreasjonsområde.
ALLAKTIVITETSHUSET I KVAMMEN
Bygda har kjøpt nedlagd post og banklokale som i si tid disponerte ca. ein halvpart av bygget der butikken held til i andre halvparten.
Allaktivitetshuset er ei sjølvstendig foreining/lag som vart stifta 03.12.03 og har blant anna som mål:
- Å drive Allaktivitetshuset med utleige til bygdefolket der det blant anna skal drivast kafé/kro/møtelokale, trimrom og dusj/garderobe
- Eige rom med solseng, frisørvask, plass for fotterapeut
- Branndepot for Førdefjordområdet
- Vere ein uformell møteplass
Pr. i dag er branndepotet fullført, og påbygging/utviding til større lokale som òg skal
innehalde dusj- og garderobeanlegg er fullført utvendig. Dusj- og garderobeanlegg er planlagt ferdigstilt innan utgangen av Mai 2007.
For å få eit bilde av aktiviteten (2006) i dei uferdige, men likevel ganske brukbare lokala, listar vi opp her:
• Branndepot fullført
• Påbygging/utviding til større lokale som og skal innehalde dusj- og garderobe er fullført utvendig
• 428 dugnadstimar
• 10 ungdomsaktivitetar (lan, filmkveldar, dans)
• 15 private arrangement ( bursdagfeiring, utstillingar m.m)
• 2 Kafear
• 2 salsmesser/husflidsprodukt m.m.
• 20 lokalemøter ( Styremøter, basarar o.l)
• 22 laurdagskafear
• 5 offentlege møter (Kommunale, rettsmøte)
• 3 pubkveldar
• 1 basar
• 2 bingo
:
Det er eit overordna mål at bygget skal vere mest mogeleg tilgjengeleg for alle i bygda og på den måten skape aktivitet/trivsel. Ikkje minst med tanke på dei fysisk og psykisk funksjonshemma i bygda, vil eit slikt tilbod vere med på auka integrering.
Tanken er at dette vil hindre fråflytting og gjerne vere ein del av det på vektskåla som kan føre til tilbakeflytting.
For å nå dette overordna målet er det sjølvsagt mange delmål på vegen. Delmålet det er snakk om her, er å lette tilgangen til dusj- og garderobe + trimrom ved hjelp av kortlåssystem i 2 dører. Tanken er at det skal vere enkelt for alle i bygda å nytte seg av tilboda – både ute på t.d. ballbanene og inne i trimrommet. I tillegg lettar det administreringa av tilbodet. Den type kortlåssystem det er snakk om her, vil kunne styrast frå PC og bl.a. eliminere ulemper ved å misse eit kort.
I folkehelsesamanheng er det bl.a. mykje opplysning om samanhengen mellom overvekt
og lite fysisk aktivitet. Ved å gjere det enkelt å nytte seg av trimtilbod + dusj- og garderobe, kan dette vere med på i bidra til betre helse.
Kortlåssystem vil fortløpande verte sett inn i aktuelle dører. Det er lite rom for dugnad.
VEG OG PARKERINGSPLASS VED GRAVPLASSEN I GJELSVIK
Vegen opp til kyrkjegarden i Gjelsvik er smal og dårleg. Det er også stor mangel på parkeringsplassar, ved begravelser må folk byrje å parkere nede ved nye brua. Det kan verte langt å gå for eldre folk. Dette er ei sak som Velforeininga har jobba med lenge.
Vi har som mål få i stand ein avtale med grunneigar slik at vi kan få til ein god veg og ein høveleg parkeringsplass slik at alle i eit gravfølge kan få køyre fram og parkere i nærleiken av gravplassen.. Vi håper også at vi kan få lagt fram straum slik at vi kan ha litt belysning om haustkveldane når folk vil stelle gravene.
Det vert sett ned ei arbeidsgruppe som tar på seg organisering og planlegging av jobben. Det meste av jobben må ein sette vekk til entrepenør, men noko kan nok gjerast på dugnad.
ORGEL TIL FLOKENES GRENDAHUS
Grendahuset er i dag brukt av forskjellige lag ,organisasjonar og til private arrangement. Huset vil gjerne tilby leigetakarane muligheiten til å spele attåt sang ved dei ulike tilstellingane. Orgele som er der i dag er gammalt og utslete.
Som faste arrangement i huset kan nemnast:
- Husfest i påska
- 17. mai-dans
- 2 bingoar
- juledans
- adventskafè
Tilfeldige arrangement:
- Konfirmasjonar
- Bursdagar
- Møteverksemd
- Bryllaup, barnedåp, minnestunder
Målet er å skaffe eit orgel/piano for å ha eit betre utleigeprodukt
BADEPLASS VED ØYRAVATNET, TILRETTELAGT FOR FUNKSJONSHEMMA.
NHF Askvoll/Rørvik lag er eit lag som vart stifta i 1947. Laget si overordna målsetjing er å arbeide for eit samfunn som er tilrettelagt for alle. Vi ynskjer å prioritere aktivitetar som kan medføre auka trivsel og betre livskvaliteten for innbyggjarane i bygdene våre. Vi har pr. i 01.01.06 53 medlemmar, herav fleire rullestolbrukarar.
Målet er å få til ei badestrand/solingsplass ved Øyravatnet som er tilgjengeleg for alle, inkludert rullestolbrukarar, barnevogner med fleire. Kommunen har i dag ingen slik badeplass. Næraste tilgjengelege badeplass/solingsplass er i Naustdal kommune som ligg ca. 42 km herfrå.
Badeplassen må ha romsleg parkeringsplass, der det er høve til å komme ned med bil tilpassa rullestolbrukarar med god plass til av- og påstigning.
Vegen frå parkeringsplassen til badeplassen må vere asfaltert eller ha anna dekke som det er lett å køyre rullestol/barnevogner etc. på.
Badeplassen må ha rampe, slik at rullestolbrukarar kan trille direkte ut i vatnet. Vi ser også føre oss bord og benker ved badeplassen, samt ein permanent utegrill.
Plassen bør i tillegg ha toalett og ein enkel garderobe.
Grunneigar er etter førespurnad positiv til prosjektet.
Laget har kontakta lokal entrepenør som er villeg til å ta gravearbeid i høve til parkeringsplass, avkøyrsle og veg samt køyre fram sand til plassen. Utanom maskinarbeidet har vi kalkulert med at resterande arbeid vert utført på dugnad.
Velforeininga vil i lag med NHF Askvoll/Rørvik lag organisere dugnadsarbeidet.
RYDDING LANGS RIKSVEG/KOMMUNALE VEGAR
Det har komme inn mange innspel frå bygdefolket om behov for rydding langs vegane.
Målet er å opne opp landskapet for å vise fram flott natur og utsikt. Rydding av vegar er også naudsynt for trafikktryggleik. Vi vil prøve å få i stand avtaler med grunneigarar og vegvesenet. Arbeidet skal gjerast på dugnad.
RYDDING OG SKILTING AV TURSTIAR
Innspel frå bygdefolk og tilreisande om rydding og merking av turstiar der målet er å få lettare tilkomst til ulike fjell- og turområder.