Fjellturar
"Frå hav til bre", "Der fjord møter fjell", det er mange klisjéar som prøver å beskrive særeigen natur i bygdenorge. Felles for desse klisjéane er at dei passar inn i ytste Førdefjord. Med storhavet som (nesten) næraste nabo og ein av Sunnfjord sin høgaste fjelltoppar godt plassert midt i bygda er det store kontrastar på korte avstandar.
Det er mange flotte toppturar å velje mellom. På desse sidene vert nokre av dei presentert.
Ynskjer du å lese meir om turar i området er bloggen til Gustav Skaar full av turrapportar frå lokale fjell. Lenkene under er ein snarveg til desse turane.
Blegja
Eitrenipa
Fossedalshengenipa
 |
Fyr og flamme |
Gustav Skaar |