Gjelsvik Skule 1911 |
Biletet syner elevane ved Gjelsvik skule skuleåret 1911-12. Lærar er Ole Bergesen Eikeland.
På biletet er desse med: Ståande frå venstre: Einar Gjelsvik (Pussarvik), Olav Kvammen, Hermann Haugland, Peder Gjelsvik, Mathias Aalen, Randolf Gjelsvik, Sigurd Liseth, Astrid Solheim, Johannes E. Gjelsvik, Kristine Selvik, Astrid A. Gjelsvik. Marie E. Gjelsvik, Jenny Gjelsvik, Sanna Gjelsvik, Josefine Kvammen, Inga Hegrenes og Helga Liseth. Sitjande frå venstre: Gustav Gjelsvik (Pussarvik), Malvin Kvinge, Alfred E. Gjelvik, Torleiv Selvik og Nikolai Gjelsvik. |
Avduking av minnestein |
Fylkesarkivet |
Frå avdukinga av minnesteinen på garden ytre Ålen i Askvoll. Steinen er sveipt med det norske flagget, marinesoldatar står æresvakt og fleire hundre menneske er samla. Steinen står på ein stad med fritt utsyn mot fjorden.
|
Revegard i Gjelsvik |
Fylkesarkivet |
Johan Tveit var revepassar på garden Dalen i Gjelsvika året 1936-1937. Mange gardar dreiv med sølvrev. Tam kunne den også verte. Her sit Johan og Fredrik Gjelsvik med kvar sin rev på fanget. Ved sida av, familien på garden. Bak ser ein nokre av revebura. |
Kanonstilling på Flokenes |
Dei første kanonane kom på plass på Storehaugen på Flokenes i oktober 1941 etter at tyskarane hadde bygt ein 1.100 meter lang veg til stillinga.
Dei hadde mellombelse stillingar fram til årsskiftet, då fortet på Storehaugen stod ferdig. Fire franske 105 mm kanoner som kunne råke mål på 11.400 meters avtastand var hovudskytset, og elles strutta fortet av panservernkanoner, luftvernkanoner og mitraljøser. |
Offiserbrakka på Flokenes. |
Frå Flokenes kunne tyskarane sperre innløpet til Førdefjorden og skyte mot sjømål på Stavfjorden. Kommandoplassen låg i ein bunker, og bakanfor stillingane vart det m.a. bygt mannskapsbrakker og kjøkken med messe. Truleg var det kring 88 offiserar og soldatar ved det tyske fortet på Flokenes.
Her var det også planen å byggje eit større fjellanlegg, men dette vart ikkje tyskarane ferdige med før fortet vart nedlagt i april 1944 og batteriet overført til Blålid-fortet ved Måløy. |
Narrekanon |
Her som på dei fleste forta sine, bygde tyskarane narrekanonar av tømmerstokkar og kryssfinér for å narre fienden. |
1956 |
Oversiktsbilde over Selvik frå 1956. Dette var før både skulen og riksveg 609 var bygd. Skulen ligg i dag til høgre på bildet. |
Pløying |
Traktorane var mindre før, plogen var mindre ,men steinane ein fekk opp når ein pløgde var minst like store. Bilde frå rundt 1965 |
Skogsdrift rundt 1960 |
Stølsliv |
Kjelde: Askvoll sogenemnd/Utlån av foto: Oddvar Gjelsvik |
Frå stølen i Krokebotn omkring 1925. |
Dobbeltbryllaup i 1941. |
Kjelde: Askvoll sogenemnd/Utlån av foto: Oddvar Gjelsvik |
Brurepara er Oddvin Stubhaug og Ragna Løvik, Matias Kvammen og Aasta Jorunn Stubhaug. |
Kvammen omkring 1930 |
Kjelde: Askvoll sogenemnd/Foto: Firda |
Det ligg båtar ved kaia der Olav Aalen dreiv dampskipsekspedisjon. I huset midt på bilde var det meieri, og det store kvite huset oppe i bakken var skulehus. |
Høyonn i Gjelsvika |
Kjelde: Askvoll sogenemnd/Utlån av foto: Oddvar Gjelsvik |
Høyonn i Gjelsvika |
Kjelde: Askvoll sogenemnd/Utlån av foto: Oddvar Gjelsvik |
Kvammen Kapell |
Kjelde: Askvoll Sogenemnd/ Foto: Firda |
Kvammen kapell vart bygd i 1977. Arkitekt var Alf Apalseth og byggmeister Olav Lien, Bygstad. Her frå opningsdagen. |
Stubhaug & Co. |
Kjelde: Askvoll Sogenemnd/ Utlån av foto: Ole Stubhaug |
Frå opningsdagen i 1978.
|
Avduking av minnesteinen over professor Nikolaus Gjelsvik |
Bilete frå Fylkesarkivet |
Frå venstre: Ramstad, Hegrenes, L. Botten, Flokenes. Dei fire til høgre er familien Gjelsvik |
Portrett av Kristen Vågane (1857-1938) som var landpostbud på Flokenes-Stavestrand-ruta. |
Bilde frå Fylkesarkivet |
Kristen var busett på Stavestrand saman med kona, Gjertrud. Dei budde om lag ein times gange (på gangsti) frå butikken i Stongfjorden og heilt til det siste tok Kristen turen dit for å kjøpe det beste han visste - skråtobakk og kandissukker. Biletet er teke i Stongfjorden, utanfor huset til dottera til Kristen, Hellina, og mannen hennar, Anton Hollevik. T.h. på biletet står sonedotter til Kristen, Oline M. Vågene Myklebust (1918-) som er busett på Myklebust i Midtgulen. |
CMS: (dagenDin)