Førdefjorden Vel

Kyrkjesoge for Vevring Sørside

Denne teksten er skrive av Oddvar Gjelsvik og er å finne i jubileumsboka "Kvammen kapell 30 år 1977-2007". Kjelde er Askvoll sogenemnd

Då arbeidet for å få bygt Kvammen kapell vart sett i gang for om lag 50 år sidan, gav det resultat. Men tanken på å få kyrkje på sørsida hadde vore framme fleire gonger før – lenge før. Einaste kyrkja i Vevring kommune låg – og ligg enno – på Vevring på nordsida av Fjorden. Vevring er ein gamal kyrkjestad, første kyrkja var bygd før 1350, for ho er nemnd i den kyrkjelege jordeboka Bjørgynjar Kalfskinn frå før Svartedauden i 1349. Alt kring 1770 vart flytting til sørsida teken opp. Kyrkja, som då var i privat eige, var til nedfalls og trong stor vøling. Det kom søknad om flytting med 21 underskrifter. Men stiftamtmannen meinte flytting ville verte for dyrt. Kyrkja på Vevring vart sett i stand.

Så høyrer vi ikkje meir om saka før på 1840-talet. Då auka folketalet i landet sterkt, og kyrkjene vart for små. Samstundes hadde Noreg som nasjon fått økonomien på fote etter Napoleonskrigane og utarminga først på 1800-talet. Slottsarkitekt Linstow laga då typeteikning til kyrkjer som kom til å dominere kyrkjene sin utsjånad her i landet på landsbygda. Det vart bygt svært mange kyrkjer frå kring 1850 og utover. I 1843 tok heradsstyret i Vevring opp saka om større kyrkje. Folketalet i kommunen var då 1 116, langt på veg ei dobling frå 1770. Fleire gardbrukarar i sokna bad i eit skriv formannskapet om å flytte kyrkja til Hegreneset på Sørsida. Formannskapet valde ei nemnd som mellom anna skulle «gjøre Undersøgelse paa Vefring, Hegrenæs, Qvamen og Aalen» om «Plads eller Tomt til Kirken» og «Begravelsessted». Nemnda hadde medlemer frå begge sider av fjorden. Dei fann at ingen stad var betre eigna enn «paa Wefring der hvor den gamle Kirke nu står». I desember 1844 vedtok også heradsstyret dette. Kyrkja vart bygd i 1846.

I 1898 kom sak om utviding av kyrkja opp att. Etter kvart trongst vedlikehald. Tanken om ei større restaurering melde seg. I 1939 vart det valt ei innsamlingsnemnd med to medlemer frå kvar skulekrins i kommunen. Innsamlingsnemnda tok opp personleg lån på 8 000 kroner – drygt i dei dagar. Arbeidet kom i gang i 1944 og var ferdig i 1950. Eg tek dette med nokså utførleg fordi at i stykket om Kvammen kapell i boka «På kyrkjeferd i Sogn og Fordane» er det nemnt at det vart arbeidd for å få reist bedehus eller kyrkjeleg hus på Sørsida. Saka var koma så langt at dei hadde fått lovnad på tomt frå ein grunneigar. Nærare kjelde for desse opplysningane gjev ikkje boka. Åra kring 1930 var ei krisetid for heile landet. Vevring kommune var i eit økonomisk uføre fordi dei hadde drege på seg ei svær gjeld – over ein halv million, eller 17 gonger nettoutgiftene på budsjettet i 1936. Ålfoten-utbygginga var hovudårsaka. At kommunen skulle kunne gå inn økonomisk i eit nytt kyrkjebygg verkar lite rimeleg. Vi ser også at folk frå Sørsida var med i sokneråd og innsamlingsnemnda for restaurering av Vevringskyrkja. Korleis det no enn var: det vart med tanken denne gongen og.

Vi er framme ved 1950. Kyrkja på Vevring er restaurert, og folket i heile kommunen har vore med i dette store løftet. Men nye tider var i emning: Schei-komiteen vart skipa i 1946. Han skulle sjå på kommunegrensene i landet og gjere framlegg til endringar. Målet var å få større kommunar. Lat oss sjå litt på Vevring kommune for 50 år sidan. Kommunen omfatta bygdene på begge sider av Førdefjorden, eller Vevringsfjorden, som denne delen vart kalla; frå Horne til Helleneset på Nordsida og frå Flokenes til Hestvik på Sørsida. Folketalet var kring 900 og i stadig nedgang, frå 954 i 1950 til 865 i 1960.

Det var veg frå Horne til Vevring og frå Hegrenes til Løvik. Dette var lengste samanhengande vegane i kommunen. Nokre grender hadde veg innan grenda, andre var veglause. Vegsamband ut av kommunen fanst ikkje. Vegsambandet Stongfjord-Selvik var i arbeid i Vågeskaret, og Fjordlina drog seg frå Naustdal utover mot Redalen. Samband ut over kommunegrensene var mjølkeruta til Flora og «dampen» til Bergen. Utover den 7-årige folkeskulen var her ein framhaldsskule. Dei som ville ha vidare utdanning, måtte ut av kommunen, anten det no galdt yrkesskule, handelsskule eller realskule som var dei neste stega på utdanningsstigen. Her var berre nokre få arbeidsplassar utanom jordbruk og fiske, svært mange drog på sesongarbeid i fiske eller anlegg. Her var fødselsoverskot på heile femtitalet, men det hjelpte lite når dei unge drog så snart dei hadde fått prestehanda av seg.

Dei kommunale tenestene hadde lite omfang samanlikna med no. Kommunen hadde ikkje noko sentrum eller nokon samla kommuneadministrasjon. Ordføraren hadde heile administrasjonen heime hos seg. Kommunale etatar fanst ikkje. Heller ikkje fagfolk som kommuneingeniør. Kommunekasseraren var fast tilsett med heimekontor i bustaden. Slik var det også med dei statlege etatane likning og trygdekasse. Kommunen hadde ikkje gamleheim, som det heitte den gongen, dei gamle vart stelte heime så lenge dei levde. Distriktslækjar hadde vi saman med Naustdal, der han hadde kontor, rett nok med kontordagar her i kommunen. Men her var jordmor. Lensmann hadde vi og saman med Naustdal.

Det var ni skulekrinsar i kommunen. To av dei hadde ikkje skulehus, men leigde i private heimar. Fleire av krinsane hadde etterkvart så få elevar at det vart samla skule. Kommunen hadde gjort eit løft med gode skulehus frå kring 1900 og utover, men med innføringa av niårig skule som var i kjømda, var det ikkje brukande.
Det som er viktigare i vår samanheng, er at skulane også var dei einaste forsamlingshusa som fanst. Utanom kyrkja var skulehuskjellaren i Kvammen skule beste lokalet. Han var sett i god stand tidleg i femtiåra, men det var trass alt eit kjellarrom, og lågt under taket var der. Skulehusa vart brukte til alle slag samkomer: kristne møte, juletrefestar, basarar og også til det frilynde ungdomslaget sine litt meir «syndige» samkomer, det vart dansa litt der, og det var ikkje heilt stovereint, i alle fall ikkje i eit skulehus.

Vi ser føre oss ein kommune med små ressursar. Det var ikkje så rart at Scheikomiteen føreslo å dele kommunen med Nordsida til Naustdal og Sørsida til Askvoll.
Det var denne delinga som på nytt sette fart i tanken om kyrkje på Sørsida. Næraste kyrkje ville bli i Askvoll. Korleis det starta. veit eg ikkje nøyaktig. Det var nok enkeltpersonar som snakka saman. Saka vart neppe først teken opp som kommunal sak. Oddvin Stubhaug og Magne Åsen var med i saka frå vi finn ho i sakspapir. Kanskje var det dei som tok det opp først. Men saka kom opp i sokneråd og kommunestyre.

Pengeinnsamling kom i gang med ein årleg basar til inntekt for kyrkje. I referat frå eit kyrkjelydsmøte i Kvammen er nemnt «festen i Kvammen 15.7.62». Truleg er denne første basaren også første folkemøtet om saka. Der vart også spørsmålet om ein skulle ha kyrkje drøfta, men det var berre ein som tala mot. Kanskje vart det på denne festen valt ei nemnd til å gå vidare med arbeidet, det må i alle høve ha skjedd denne sommaren. Vi har utskrift frå møteboka til Nemnda for brukskyrkje på Sørsida av Vevring, datert 20. november 1962. Nemnda hadde då møte hos Alfred Gjelsvik d.y. Der møtte Alfred Gjelsvik d.y., Oddvin Stubhaug og Kristofa Hestvik som varamedlem for Magne Åsen, samt kapellan i Naustdal, J. M. Langeland, utan røysterett. Lenger nede i referatet er nemnt «dei 5 representantane i nemnda». Det er då rimeleg å tru at nemnda hadde 5 medlemer og varamedlemer. Namna på dei to andre faste medlemene er ikkje nemnde.

Alt i dette referatet kjem dei to spørsmåla det skulle bli strid om, opp: Kvar skulle kyrkja byggjast, og kva slag kyrkje skulle det vere? Siste spørsmålet kan høyrast rart ut, det gjekk ikkje på utsjånad direkte. Det var snakk om anten ei brukskyrkje eller ei høgtidskyrkje. Høgtidskyrkja kunne brukast til gudstenester og dei andre kyrkjelege seremoniane som dåp, bryllaup og gravferd. Det folk tenkte på, var ei langkyrkje av tradisjonell type. Brukskyrkja skulle ha møterom og kjøkken i tillegg til kyrkjeromma, og ho skulle kunne brukast til sundagsskule, møte og basarar.

Dette synet på kyrkjebruken var nok heller nytt, her i bygdene i alle fall. Vi veit at saker som har med religiøse tradisjonar å gjere lett set sterke kjensler i sving. Slik var det nok her og hos somme. Ei slik kyrkje kunne og få ein heilt annan arkitektur. Det fekk ho også, skulle det vise seg! Alt på dette møtet var stadvalet saka. Nemnda hadde sett på tre stader: på eigedommen til Lars Aalen (der kapellet er no), opp i heia på vegen til Gjelsvik (på Høgda) og på instebøen til Martin Espehaug (dette er stykket på austsida av kommunevegen mellom elva og vegen til gravstaden i Gjelsvik).

I referatet står «Millom dei 5 representantane i nemnda er der ymse meining om desse tomtene. Og nemnda skynar det slik at det også blant folket rår ymse meiningar om valet av tomt for brukskyrkja.» Det siste var nok inga overdriving. Og nemnda valde å overlate avgjerda til andre. Dei ber sorenskrivaren i Sunnfjord oppnemne ei valdgiftsnemnd der lensmennene og prestane i Naustdal og Askvoll samt representant frå Sunnfjord indremisjon og Sunnfjord krins av NKUF skulle vere med. Det vart overlate til ordføraren å fremje dette, men det vart etter uttale frå Stiftsdireksjonen i Bjørgvin klårt at ei slik handsaming ikkje var i samsvar med kyrkjelova. Det var kongen, altså i praksis Kyrkjedepartementet, som skulle avgjere stadval og godkjenne teikningar. Og uttale frå soknet skulle vere med. Altså måtte Sørsida avgjere sjølv. Elles skal vi merke oss at her er snakk om brukskyrkje. Vi kan tenkje oss at fleirtalet i nemnda meinte det, men spørsmålet var langt frå avgjort, som vi skal sjå.

«År 1963 den 8. sept. vart det halde kyrkjelydsmøte like etter eit gudstenestleg møte i Kvammen (…) Saklista for møtet var: Staden for kyrkjehus på sørsida» står dei i eit referat frå soknerådsmøtet. Men så enkelt vart det ikkje. Spørsmålet om brukskyrkje eller høgtidskyrkje vart blanda inn. Skiljet gjekk vel slik at dei som ville ha kyrkja liggande ved gravstaden i Gjelsvik samstundes tenkte på ein tradisjonell kyrkjebruk. Dei som ville ha ei brukskyrkje, tenkte på meir omfattande og utradisjonell bruk av kyrkja. Då burde ho ligge der meste folket budde, og ho burde kanskje ikkje vere knytt til gravstaden. Ved avrøysting vart brukskyrkje vedteke mot to røyster. Men då saka ikkje sto på saklista ved kunngjering av møtet, kunne ho formelt sett ikkje takast opp og røystast over, vart det klårt på møtet. Så valet av kyrkjetype vart sett ut. Stadvalet vart derimot avgjort. Det vart røysta over dei tre stadene som er nemnde ovanfor. Aala fekk 61 røyster, Gjelsvik 45, og der var 6 blanke. Dette møtet var eit kyrkjelydsmøte der alle i Vevring kyrkjelyd fekk vere med, og det var leia av soknerådsformannen i Vevring, Alf Nordvik frå Redalen. Men dei frå Nordsida vart oppmoda til ikkje å røyste, noko det heller ikkje ser ut til at dei gjorde.

Soknegrensene vart endra, og Vevring kyrkjelyd delt då dei nye kommunegrensene kom. Som avskilsgåve gav kyrkjelyden ved Vevringskyrkja pengar til ein messehakel til bruk i den nye kyrkja som dei venta ville komme på Sørsida. Hausten 1963 hadde Sørsida valt byggestad, og folkemeininga var klår for brukskyrkje. Vidare handsaming av saka gjekk over til kommunen. Men Vevring kommune hadde berre få månader att, ved midnatt 31. desember 1963 var heradet si soge slutt. Vidare handsaming gjekk over til Askvoll kommune. Likevel, på slutten av sin eksistens brukte Vevring kommune ledige pengar til nokre føremål, to av dei kyrkjelege. Det vart løyvd pengar til nytt orgel i Vevringskyrkja og ein sum til kyrkjehus på Sørsida.

Kjelder.
Stendal, Olav: Vevring – kyrkjer og kyrkjelyd, Vevring sokneråd, Naustdal 1996.
På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane, Selja forlag, 2000.
Kyrkjelydsmøte i Kvammen 8. sept 1963, referat.
Nemnda for brukskyrkje på sørsida av Vevring, referat frå møte 20. nov. 1962.
Stiftsdireksjonen i Bjørgvin, brev av 24. jan. 1963.
Ordføraren i Vevring, brev til formannen i kyrkjenemnda, Oddvin Stubhaug, datert 30. jan. 1963.

Oddvar Gjelsvik



Førdefjorden Vel