Førdefjorden Vel

Gründerar i med- og motgang

Denne teksten er å finne i Sogehefte for Askvoll nr. 15/2002. Den er eit utdrag av ei særoppgåve skriven av Jon Olav Eikenes, Gloppen Ungdomsskule 1995-96. Kjelde er Askvoll Sogenemnd

Eg har opp gjennom tida høyrt ein god del historier om folk i slekta mi. Då bestemora mi, Målfrid voks opp, var det mykje som skjedde i Åla, ein gard som ligg på sørsida av Førdefjorden. Oldefaren min og brørne hans styrte med alt mogeleg, men det som dei mest dreiv på med, var sjøen.

Åla

Åla er ein gard som ligg på sørsida av Førdefjorden i Sunnfjord. Slekta har hatt garden i mange generasjonar og i dag bur Abraham Aalen (død 1998), som altså er bror til bestemora mi der. Det er han som har gjeve dei aller fleste opplysningane til dette stykket. Harald, sonen til Arne, som var ein av brørne til Abraham, har flytta til Åla for ikkje så lenge sidan. Han kjem frå Ålesund og har med seg kone og ei dotter. Det er meininga at dei etterkvart skal ta over garden, og det ser ut som det går fint. Garden har 94 mål innmark, og i fjøsen har dei i dag kyr og ungdyr. Nede med sjøen står det ei sjøbu, men den er heller lite i bruk no for tida.

Slekta Ålen

Andreas Aalen gifta seg med ei som heitte Lovise. Andreas dreiv med fiske, som dei fleste gjorde på den tida. Son hans, Abraham Aalen gifta seg med Maren Grytten i 1880. Ho var dotter til Katrine og Ole Jakobsen Grytten (eigar av seglskute, sjå bilete). Abraham dreiv fiske i tillegg til at han var gardbrukar. Han hadde også landnotbruk. Alt dette var lenge før motorane si tid. Målfrid, bestemor mi, kan ikkje hugse bestemora, men ho hugsar bestefaren, Abraham. Ho hugsar at han gjekk og rusla og hadde med borna i færingen og sette garn. Han hadde god kontakt med borna. Abraham og Maren fekk desse borna:
- Alfred (1881 - 1958)
- Olav (1883 - 1975)
- Livia (1885 - 1969)
- Harald (1887 - 1967)
- Kristina (1890 - 1969)
- Lina (1893 - 1974)
- Johan (1895 - 1933)
- Otto (1897 - 1961)
- Olga (1900 - 1989)
- Olai (1902 - 1935)

Alfred

Alfred vart fødd i 1881. Han var den eldste i ein søskenflokk på ti, og hadde retten til garden. Han gifta seg med Signe Olsen som kom frå Trøndelag, og dei vart buande inne i Sogn. Alfred var stillfarande og let seg helst dirigere av kona, ei nokså bestemt trøndelagsdame. Dei fekk ingen born, og difor overtok han ikkje garden. Kona var heller ikkje interessert i det. Alfred var til Amerika ein tur, og då han kom heim i 1915 reiste han, Harald og Johan til England og kjøpte båtar. Det var Alfred som hadde mest engelskkunnskapar, og kunne “det framande språket”. Han døydde i 1958.

Olav

Olav vart fødd i 1883. Han gifta seg med Katrina Thingnes, og dei fekk borna Alvhild, Jostein og Ove. Då Ove var 2 år, døydde Katrina. Olav var uredd, oppfinnsam og nokså mangfaldig. På grunn av dette ville han ikkje slå seg til ro og drive med noko så einsidig som ein gard. Difor overtok heller ikkje han garden.
Olav var snar å begynne på det meste, og dreiv med både det eine og det andre, somme gonger i oppgangstider med hell og i andre tider med uhell. Etter hans innstilling var det ingenting som ikkje skulle gå. Han var i Amerika i sin ungdom, og fekk kanskje noko med seg derifrå.

I 1913 kjøpte Olav første båten sin, ei listerskøyte. Henne sette dei motor i, men ho forliste ganske tidleg. Seinare fekk han også båten ”Norden”. Under første verdskrigen, ca.1915, kjøpte Olav båten ”Øyvind”. I 1926 forliste han då Olav skulle føre sild til Kvammen. Båten dreiv på land i styggveret. I 1915-16 tok Olav over ein butikk på Kvammen etter ein som heitte Absalonsen. Dampskipsekspedisjonen, som også var på Kvammen, tok han også over på den tida. Under andre verdskrigen vart handelen på butikken trappa ned. Då Jostein kom heim frå England i 1947, overtok han og systera Alvhild handelen og dampskipsekspedisjonen.
Først i første verdskrigen fekk Olav bygd båten "Heimfjell", som på folkemunne vart kalla “Grisen”. Den båten fekk oppleve mykje. I 1940 fann Olav opp eit system som gjorde at båtar kunne gå sidelengs. Han eksperimenterte med det på ”Grisen”. Men i mars 1941 stakk sønene Jostein og Ove til England med båten. Etter at båten reiste, vart det nesten slutt på eksperimenteringa. I 1946-47 kom båten tilbake frå England, og Olav hadde han framover og brukte han til fiske til han hamna i fjæra i 1970. Då Jostein og Ove reiste med ”Grisen” til England i mars 1941, var faren truleg ikkje heime, men om han var det, hadde dei vel fått låne båten til eit ærend. Målfrid kan hugse at den dagen dei reiste til England, hadde Jostein kome til butikken hos Stubhaug, der Målfrid var butikkdame. Han hadde spurt etter motorgris, og han fekk det dei hadde. Men ho hadde føling av at det var noko meir han ville ha sagt, utan at han fekk gjort det.

Den same dagen reiste Jostein og Ove til Florø, der dei tok med omlag ti mann på turen. Det var godt vêr då dei for over. Jostein og Ove var dei første som reiste over frå Vevring. Ein kunne forstå at Jostein kunne reise, men ikkje at Ove reiste. Faren skulda på at det var Jostein som hadde fått han med. Men ein annan grunn var at Ove risikerte å bli teken av tyskarane til arbeidsteneste, og det var også mange andre som for til England av den grunn. Det gjekk ei historie om at Olav ei stund etterpå melde frå til tyskarane og spurde om det var han eller dei som skulle passe på kysten, når karane hadde greidd å stikke av utan å bli tekne. Sjølvsagt var det i passeleg tid etter at dei var reiste, så han var sikker på at dei var komne seg vel over.

Både Jostein og Ove kom straks med i krigen. Ove var ei tid radiotelegrafist på M/K ”Aksel”, ein av båtane i Shetlandsgjengen. Han var med 17 turar over Nordsjøen. Båten forliste 10. desember 1942, og Ove omkom. Jostein kom i marinen, og var blant anna med på raid på Norskekysten. Men han hadde eit lite opphald på land på grunn av helsa. Tapet av broren var vel også eit tungt slag. Då han kom heim frå England, hadde han store planar for framtida. Men han var tynn og elendig. Alvhild, eldste dottera til Olav, vart sitjande med ansvaret for dampskipsekspedisjonen og butikken då brørne for til England. Faren reiste jo mykje rundt om kring, så ho fekk mykje å stå i med.

Olav hadde notbruk for både brisling- og storsild, og dreiv på med sildekjøping. Under første verdskrigen kjøpte han ei bu på Staveneset, og sette henne opp på Kvammen, og begynte med sildesalting. Han leigde folk i bygda, og det gav mange arbeidsplassar på vinterstid. Han tente masse pengar. Olav var ein drivande notbas, og gjorde store brislingsteng inne i Førdefjorden. Då vart han rik og brukte pengar. Han ga vekk både til kyrkjeorgel og til dei som trengde det. Han var raus med å “skrive opp” på butikken. Så når det begynte å gå nedover på slutten av 1920-talet, hadde han mykje pengar uteståande som han aldri fekk igjen.
Omkring 1927 fekk Olav ei svenskeskøyte som dei kalla ”Bryja”. Det vart ho kalla fordi ho var brei. Olav brukte ho til å drive bruket.

Olav slutta med sildesaltinga i 1930-åra, men livnærte seg med fiske framover. Rundt 1949 begynte han å dykke. Det var etter det han begynte å heve vrak og denslags. På 1960-talet dreiv Olav på med å ta patent på forskjellige oppfinningar. Ein gong prøvde han å få opp den forliste båten ”Blåfjell”, men han låg for djupt.
Då ”Provessen” forliste etter andre verdskrigen kjøpte Olav båten som vrak, for han ville ha spikaren som var ombord, og så var det ein god del materialar ombord. Han fekk ut litt av spikaren, men andre hadde fått ut det meste før. Dei heva båten og tok motoren ut av han før dei la han der han ligg i dag, på Ålaneset.

I 1930 heva Johan og Olav båten ”Ry-by”. Dei kjøpte han slik han låg, og han var lasta med murstein som dei ville plukke ut av han. Dei hadde han eit par år før dei selde han. Båten eksisterte fram i 1960-åra. Olav hadde også ein kutter dei kalla ”Fabrikken”. Kallenamnet kom fordi båten førte fabrikkvarer. Det var den første båten Olav hadde etter at ”Heimfjell” var teken til England. Båten var blant anna med ein gong og heva ein annan ein båt inne ved Hyeneset i Gloppen. Olav døydde i 1975.

Livia

Livia vart fødd i 1885, og døydde i 1969. Livia blei kalla Liva. Ho vart gift med ein Kornelius på nabogarden. Mannen døydde tidleg, så ho sat att med eit tungt ansvar på garden.

Harald

Harald vart fødd i 1887. I 1920 vart han gift med Anna Haaland frå Redalen. Harald og Anna fekk desse borna: Målfrid, Abraham, Håkon, Arne, Magny, Oddbjørg.
I 1915 reiste Harald, Johan og Alfred til England og kjøpte tre båtar. Det var vel ganske dristig og spesielt for ein attenåring, og det var nok både eventyrlyst og at dei ville tene pengar som fekk dei til å reise. Harald satsa på å leve av sjøen. Han visste ikkje at han skulle bli gardbrukar fordi han hadde to eldre brør. Han flytta til Åla først i 1923. Målfrid (f.1921) og Abraham (f.1922), vart fødde i Redalen.

I 1919 gjekk fleire saman om å kjøpe båten ”Frøystein”. Harald vart skriven som eigar, men han var lite med på båten. Det var helst slik at han som førte båten ikkje var ført som reiar. Målfrid fortalde at ein gong då ho var ca. halvanna år, var ho med på denne båten. Då hadde visstnok ein av mannskapet styrta opp og sagt: ”Hun hyler så hele lokalet fylles til randen.” Båten kom i brann ved Kristiansund og blei slept inn til lands så det ikkje vart totalforlis. Det vart ei økonomisk ulykke.
Harald selde båten ”Percy” rundt 1925 og vart då med som skipper på ”Notmann”, som Otto åtte. Harald dreiv framleis garden, og var heime ein del, men også ein god del på sjøen på grunn av skuld dei hadde kome opp i under nedgangstidene etter første verdskrigen. Men dei hadde mange drengar i Åla i 1920-og 30-åra. Den siste drengen hadde dei i 1936.

Rundt 1930 kjøpte Harald, Otto og Johan båten ”Sunnfjord” brukt. Han var bygd i 1900. Dei rigga han til og sette ein annan motor i han. Harald var skipper. Dei brukte han mykje til fraktfart på kysten, og gjerne på storsildfiske om vinteren. Båten forliste i 1936 ved Stad. I 1936 kjøpte Harald og Otto ”Ljosheim” frå eit dødsbu. Han var nedsarva, spesielt motoren. Etter kvart vart det Otto som overtok han. Båten køyrde i eit berg, og vart opphoggen i 1956. I 1940 tok Harald til å reise som skipper med ”Knutson” frå Florø. Han var på ”Ljosheim” i 1953. Etter det var han på sildesaltinga med Jakob Russenes i ei bu på Kvammen fram til 1958. Harald døydde i 1967.

Kristina

Kristina vart fødd i 1890, død 1969. Ho var ugift, og budde forskjellige stader i landet.

Lina

Lina vart fødd i 1893, og døydde i 1974. Ho vart gift med fylkesagronomen i Sunnfjord som heitte Svein Tryti. Dei hadde eit nyrydningsbruk på Sande i Sunnfjord. Lina var veldig lun og flink til å teikne. Ho hadde godt humør, og dei rundt ho likte spesielt godt den stille humoren hennar.

Johan

Johan vart fødd 1896. Johan dreiv med dykking, og var mykje på Island og dykka. Han var også på sildefiske og på håkjerringfiske ved Island. Johan begynte med dykkinga på Island ca. 1925. Han hadde eige dykkarutstyr. Forutan Harald hadde også Johan kystskippereksamen. Målfrid fortalde om dei gongane Johan kom på besøk og snakka om kor rik han skulle bli om ti år.

Båten ”Fortuna” ligg i dag sokken på Kvamsvika. Det var ein nokså ribba båt som Johan kom med, og som han hadde store forhåpningar til. Han tok han opp i fjæra og pumpa han tom. Men når Johan var vekke, passa ikkje dei som skulle tømme båten for vatn godt nok på, så ein morgon var båten sokken.

Johan var elles som før nemnt med brørne Harald og Alfred til England i 1915 og kjøpte tre båtar. I 1920 førte han båten ”Frøystein” til Island, og i lag med broren Olav kjøpte han den sokne engelske kutteren ”Ry-by” . Han var også med og kjøpte båten ”Sunnfjord” (sjå ovanfor).

I 1932 gifta Johan seg med Josefine Løvik. Året etter omkom han i ei dykkarulykke. Det var vinter og han skulle ta opp ein båt. Han gjekk ned to gonger på same dagen, og han var heller ikkje heilt frisk. Karane arbeidde med ei skøyte som var sokken ned. Olai og Harald var også med då dette triste hende. Sonen Johan vart fødd etter faren sin død.


Otto

Otto vart fødd i 1897. Han gifta seg med Anna Aasen, og tok over ein nabogard, som blir kalla ”Bakkjen”. Dei fekk 8 born. Otto var med på fiske som notbas. Otto fekk bygd båten ”Notmann” rundt 1924, som vart brukt til sild/feitsild¬fiske. Otto dreiv gard, men hadde også fiskebåten ”Ljosheim”. Det var han som heldt på med fiske lengst i slekta.

Borna til Otto og Anna var Alv, Anton, Magnhild, Malmfrid, Odd, Ingrid, Jorid og Olai. Alv og Anton var mykje med på Ljosheim. Seinare hadde dei båten ”Oterholm”. Odd var også med på ”Ljosheim”, men i 1956 forliste båten, så det vart ikkje så lenge. Då begynte han på anlegg, og tente nok betre på det, så han slutta med båtlivet. Anton overtok garden etter Otto. Anton var gift med nabojenta Solveig Bråstad. Dei fekk ein son, som i dag har bruket på ”Bakkjen”. Otto døydde i 1961.

Olga

Olga vart fødd i 1900, og døydde i 1989. Ho var lenge på butikken til Olav på Kvammen. Ho gifta seg med Rasmus Espeland.

Olai

Olai vart fødd 1902. Olai var stillfarande og hjelpte til der det trongst. Han var litt på Island, og dykka også litt med broren Johan. Olai hadde eige dykkarutstyr. Olai var som dei fleste andre også med på fiske. Han forlova seg, men i 1935, då han berre var 33 år gamal, døydde han på Florø sjukehus. Han skulle ta ein operasjon på tarmen, men det var ikkje den hjelpa å få då som det er no.

”I gamle dagar”

Då Harald budde i Åla, vart garden driven slik som andre gardar på den tida. Dei hadde mange slags husdyr: to - tre hestar, kyr og ungdyr, sauer, høner og grisar. Dei hadde også sølvrev, som Anna, mora i huset, hadde eit sørgjeleg arbeid med. Det vart nemleg hennar arbeid å stelle dei. Det var eit mangfaldig liv på garden, noko som ungane også deltok i. Men dei hadde jo dreng om sommaren, og i alle fall ei tenestejente om vinteren. I Åla hadde dei eit ganske stort hus, så dei hadde det ikkje så trongt. Når mennene var på sjøen, vart det til at kvinnene dreiv garden. Målfrid hugsar at når det var ungdomsfest andre juledag, var dei veldig spente på om karane blei heime eller om dei reiste på fiske. For akkurat då var det aktuelt å reise ut på storsildfiske. Og om dei for, var det å ordne til mykje kle og mat. Og så var det spenninga om dei fekk noko fisk.

Då Målfrid var lita, pleidde tantene og onklane å kome regelmessig på besøk. I alle fall gjorde dei det så lenge bestefaren hennar levde, og han levde til ho var om lag 10 år. Ungane fekk vere med på ”Sunnfjord” ein og annan gongen. ”Sunnfjord” var det Harald som førte på den tida. Harald var flink å kjøpe hos skraphandlarar, så ungane hadde betre skeiser, kjelkar og utstyr enn dei andre. Han var ikkje så ofte heime, kanskje ein gong for månaden. Då var han der berre eit døgn eller noko før han for igjen. Men alt dette varierte mykje med kva slags oppdrag dei hadde. Etterkvart begynte sønene også å bli med ut på storsildfiske om vinteren og vårsildfiske, som foregjekk ved Haugesundskanten.

Målfrid hugsar ein gong ho fekk vere med til Drammen. Ho hugsar godt då dei gjekk ut frå Tananger, og den svære sjøen som ”Sunnfjord” kom ut i forbi Jæren den dagen. Det forstod Målfrid på at to av mannskapet vart sjøsjuke. Målfrid derimot, sat oppe på brukledninga, så det gjekk rimeleg bra. Då dei kom til Ekerøya, sigla dei brått inn i smult farvatn mellom øya og fastlandet. Det syntest Målfrid var kjempefint etter all sjøen forbi Jæren. Hurtigruta frå sør kom inn til byen, sette ut ein lettbåt og nokre kom bort til Harald og spurde: ”Han var vel tung i dag, Jæren?”. Då svarte Harald: ”Å jaaa, da va no so”. Ting som dette gjorde at ungane følte at dei var heldige i forhold til andre ungar som voks opp på den tida. Når ”Sunnfjord” kom inn til land på nord- eller sydgåande, var det veldig stas når dei sprang til sjøs og tok i mot dei som kom. Målfrid hugsar ein gong at ein av brørne skulle springe ned til ”Sunnfjord” og seie til mannskapet at dei skulle ta på land to sekkar med kunstgjødsel. Men då han var nede sa han like godt naturgjødsel, og det vart til stor glede og oppmuntring for mannskapet. Det var stas om sommaren når ”Sunnfjord” var heime, for då hadde ein heil del unge eit veldig badeliv, og det var fint å stupe frå båten. Det var fine sommardagar.

På den tida var det eit yrande båtliv på fjorden, mange fiskebåtar, lastebåtar og båtar frå Fylkesbåtane. Alt gjekk til og frå Førde. Klokkaren i Vevring kommune budde i Kvammen. Difor gjekk presteskyssen opp under for å hente han med Liabø-båten. Då fekk dei i Åla vere med. Målfrid fortalde at ho var levande redde på sjøen. Det hadde ho truleg fått i seg då ho for over fjorden til besteforeldra som budde i Redalen. Ein gong skreik ho: ”Eg vil ikkje disse meg, eg vil ikkje disse meg”, men det var ikkje så lett å unngå det når ein var komen ut på fjorden. Målfrid hugsar også at ho stod og grein og gøymde seg i skjørta til mora då dei skulle inn på kyrkjebåten. Då var det ein som sa at ho burde skamme seg, ho som var av sånne sjømannsfolk, å stå sånn og sipe. Og det hjelpte, så ho tok seg saman, så dei slapp å sjå det meir.

På Kvammen var det på den tida handelen som Olav hadde ved sidan av dampskipsekspedisjonen. Lengre ute var det ei lita bu der eigaren heitte Russenes, og den tok Stubhaug seinare over. Det var dit ein gjekk med korga og handla. På den tida var det nøysame tider, og bøndene skulda på arbeidarane, og arbeidarane på bøndene. Då Anna, oldemor mi, var på Kvammen og leverte smør, var det lite ho fekk for det. Det var for lite forskjell mellom margarin og bondesmør, for eksempel. Målfrid hugsar at ho eingong fekk høyre at kveitemjølet skulle gå opp. Det svei og gjorde inntrykk, for alt som kosta meir, gjorde det vanskelegare å greie seg reint økonomisk.

Målfrid hugsar ein gong når bestefaren hadde full båt med fem - seks ungar. Dei hadde vore eit ærend i Redalen, som låg rett over fjorden. Då bles det opp. Det kunne vere ganske strid sjø rett ut mot havet der. Då sat bestefaren veldig anspent og styrde færingen over fjorden. Han var veldig spent på om dei ville greie seg over.

I Åla budde det ei gamal dame på den tida bestemora mi var lita. Ho heitte Judith og hadde tenestegjort på garden i 40 år. Då ho vart så gamal at ho ikkje lenger arbeidde, fekk ho bu på garden heilt til ho døydde.


Oversyn over båtane og historiene rundt dei

I 1913 kjøpte Olav ei listerskøyte som dei sette motor i. Dei må ha vore ganske tidleg ute med motor, for den første motoren kom på dei kantane året før. Båten forliste ganske tidleg.

”Øyvind” vart kjøpt ca.1915 av Olav. Båten dreiv på land og forliste i styggever då Olav skulle føre sild til Kvammen i 1926.

I 1915 vart det kjøpt tre båtar i England:

”Percy” vart kjøpt av Harald og Alfred. Kanskje var også Johan med på den. Det var ein seglslupp, engelsk kutter på 70 fot. Dei fekk han til Noreg under første verdskrigen og sette motor i han. Båten vart brukt til fiske og sildesalting, og han var blant anna til Island i 1920 med garn og olje. Tilbake hadde dei med sild. ”Percy” vart seld på Island i 1925.

”Boy Bilken”, som dei selde ganske fort.

”Girl Jane”, som dei selde då krigen var slutt. Båten har eksistert i seinare tid.

Desse båtane segla dei over Nordsjøen, og dei hadde ikkje nokon motor som kunne hjelpe dei i eit knipetak. Det var sikkert ikkje så enkelt. Det vert sagt at då dei kom inn på Kvammen med dei tre båtane, hadde dei problem med å stogge... Det var nok mykje eventyrlyst som gjorde at dei reiste, sjølv om dei nok også såg seg om etter noko å tene pengar på. Men bygdefolket måtte no vere spente på kva det var brørne dreiv på med. Dei kunne jo vere så heldige å få ein jobb.

”Frøystein” kom i 1919. Han var bygd på Helgeland. ”Frøystein” vart eigd av fleire, men Harald var skriven som eigar. Det var Johan som førte han til Island i 1920. Harald var lite med på den båten. Det var helst slik at han som førte båten ikkje var ført som reiar. Frøystein hadde to-sylindra motor, med tilsaman 80 hk. Men det var noko feil med propellen som gjorde at han ikkje kom opp i maksfart. Båten vart brannskadd og seld.

”Norden” var ein engelsk kutter som Olav kjøpte. Det var ein ny Bolinder-motor i båten.

”Notmann” fekk Otto rundt 1925. Båten vart brukt til sild- og feitsildfisking.

”Ry-by” var ein sokken engelsk kutter som Johan og Olav kjøpte. Han var lasta med murstein, som dei ville plukke ut av han. Dei heva han i 1930. Så hadde dei han eit par år før dei selde han. ”Ry-by” eksisterte fram i 60-åra.

”Sunnfjord” var bygd ein eller annan plass på den amerikanske austkysten år 1900. Seinare hamna han i Sverige og vart brukt i marinen der. Så kom han til Noreg og fekk kolfyrt dampmaskin. Harald, Otto og Johan kjøpte han og rigga han til i 1930. Då dei overtok skroget, låg det forlate og herrelaust i ei fjære oppe ved Levanger. Karane gav båten namnet ”Sunnfjord”. Dei betalte 40 000 kroner for han, og det var ein stor sum den gongen. ”Sunnfjord” var 84 fot lang. Ein ny motor hadde dei funne fat i oppe med Namsos eit par år før. Det var ein førsteklasses to-sylindra 80 hk motor, som seinare vart ombygd til å vere 120 hk. Båten vart brukt mykje til frakting, og dei var på vinterfiske på Island med han eit år. Dei brukte han også på vinterfiske etter sild. ”Sunnfjord” frakta for eksempel kalkstein frå Larsnes og til Austlandet og tok så med sement nord igjen. Dei gjekk Sognefjorden til endes med 200 sementsekkar, og i vekt vart det 10 tonn. I dag er det rart at slikt kunne svare seg. Båten gjekk altså ikkje i fast rute. Det var ein stadig kamp om å få frakt. Når båten var heime, låg han for anker ved bua nede ved sjøen, og ikkje på Kvammen der dei andre båtane låg. I 1936 forliste ”Sunnfjord” ved Stad. Då hadde dei sild ombord. Det vart tung sjø, og båten tok til å leke. Dei klarte ikkje å halde han på pumpene. Det er delte meiningar om dei virka som dei skulle. Dei rodde til lands i lettbåt medan ”Sunnfjord” rak i fjæra. Dei henta opp motoren seinare, og den gode Bolinderen vart berga og brukt i mange andre båtar.

”Ljosheim” vart kjøpt av Harald og Otto i 1936. Ho vart bygd i Risør i 1914 og var ei skøyte på 53 fot. Brørne kjøpte henne frå eit dødsbu. Ho var nedsarva, spesielt motoren. Etter kvart vart det Otto som overtok båten. I godt over 20 år heldt båten det gåande der, og vart etter kvart litt av ein kjendis. Han hadde ein karakteristisk baug og eit ruvande overbygg. Lyden av han var også ganske lett å kjenne igjen. ”Ljosheim” var med på det store sildeeventyret i mange år, og om somrane var det brislingen og småsilda inne på fjordane som skulle takast. Mellom sesongane vart det også litt fraktarbeid. Dessutan var båten med på mange bergingsoppdrag. Ljosheim køyrde i eit berg og sokk. Han vart heva og var i bruk eit par år, men vart opphoggen i 1956.

”Oterholm” var siste båten Ålakarane brukte. Dei leigde han.

“Fabrikken” var ein kutter-bygd båt som Olav eigde og som gjekk melkerute inne i Førdefjorden. Båten førte også fabrikkvarer. Det var den første båten Olav hadde etter at ”Grisen” var teken til England. Den var 50 fot.

Ved Hyeneset på Hestenesøyra sokk ein båt rundt 1940 då dei heldt på å ta famneved ombord. Båten la seg over og tok inn vatn. Seinare reiste Arne (broren til Abraham og Målfrid), Alv og Olav dit med båten “Fabrikken”, og skulle heve han. Men dei hadde for lita pumpe til å klare det. Då kom Otto med ”Ljosheim”. Dei skulle ha kraft av motoren på Ljosheim til å drive pumpa. Men reima heldt ikkje. Det var fordi dei hadde berre ein slange på pumpa. Dei kunne enkelt ha sett på ein ekstra slange, men gjorde det ikkje, fortel Abraham. Men dei fekk opp båten til slutt.

“Brya” var ei svenskeskøyta som Olav fekk rundt 1927. Ho vart kalla “Brya” fordi den var brei. Olav dreiv bruket sitt med båten. Målfrid fortalde at før andre verdskrigen braut ut, var ein heil flokk ungdomar ein tur ut på Svanøya med denne båten.

”Heimfjell”, eller “Grisen” som han vart kalla av mange, fekk Olav bygd først under første verdskrigen. I 1940 fann Olav opp eit system som gjorde at båtar kunne gå sidelengs. Han eksperimenterte med det på ”Grisen”. Men i mars 1941 stakk sønene Jostein og Ove til England med båten. I 1946-47 kom båten tilbake frå England, og Olav hadde han framover og brukte han til fiske til båten vart lagd i fjæra i 1970.

”Fortuna” ligg sokkjen på Kvamsvikja. Det var ein nokså ribba båt som Johan kom med, og som han hadde store forhåpningar til. Men når Johan var vekke, passa ikkje dei som skulle tømme han for vatn godt nok på, så ein morgon var båten sokkjen. Johan tok den opp i fjæra og pumpa den tom. Dei hadde den då dei heva ”Ry-by”.

”Blåfjell” var ein rutebåt frå Eikefjorden. Den forliste, og Olav prøvde å få den opp. Men den låg for djupt.

”Provessen” forliste ved Prestøya i Askvoll etter andre verdskrigen. Båten var på 4-500 dødvekttonn og hadde vore til Polen og lasta spikar. I Brevik hadde dei lagt sement oppå spikaren. Olav kjøpte båten som vrak, for han ville ha spikaren. Han fekk ut litt, men andre hadde fått ut det meste frå før. Olav heva båten og tok motoren ut av han “borte på Florøyene”. Det vart ikkje snakk om å få han flytande til bruksbåt, så dei la han der han ligg i dag, på Ålaneset. Det var også mykje material ombord, som Olav ville ha. Båten la seg på sida i stormen i 1991. Båten er 130-140 fot, og vart i si tid bygd, truleg som trålar, i Portugal. Men han vart brukt som minesveipar under andre verdskrigen. Motoren var eigentleg i største laget – ikkje i hestekrefter, men i omfang – men dei fekk selt han likevel.

Kjelder:
Intervju med Abraham Aalen og Målfrid Eikenes
To avisartiklar frå Firdaposten
Avisartikkel frå Firda Folkeblad
Artikkel i Sogeskrift for Askvoll nr. 8 1995






Førdefjorden Vel