Førdefjorden Vel

Historiske bilete

Send oss gjerne historiske bilete.

Gjelsvik Skule 1911
Gjelsvik Skule 1911
Biletet syner elevane ved Gjelsvik skule skuleåret 1911-12. Lærar er Ole Bergesen Eikeland.

På biletet er desse med: Ståande frå venstre: Einar Gjelsvik (Pussarvik), Olav Kvammen, Hermann Haugland, Peder Gjelsvik, Mathias Aalen, Randolf Gjelsvik, Sigurd Liseth, Astrid Solheim, Johannes E. Gjelsvik, Kristine Selvik, Astrid A. Gjelsvik. Marie E. Gjelsvik, Jenny Gjelsvik, Sanna Gjelsvik, Josefine Kvammen, Inga Hegrenes og Helga Liseth.

Sitjande frå venstre: Gustav Gjelsvik (Pussarvik), Malvin Kvinge, Alfred E. Gjelvik, Torleiv Selvik og Nikolai Gjelsvik.


Avduking av minnestein © Fylkesarkivet
Avduking av minnestein
Fylkesarkivet
Frå avdukinga av minnesteinen på garden ytre Ålen i Askvoll. Steinen er sveipt med det norske flagget, marinesoldatar står æresvakt og fleire hundre menneske er samla. Steinen står på ein stad med fritt utsyn mot fjorden.


Revegard i Gjelsvik © Fylkesarkivet
Revegard i Gjelsvik
Fylkesarkivet
Johan Tveit var revepassar på garden Dalen i Gjelsvika året 1936-1937. Mange gardar dreiv med sølvrev. Tam kunne den også verte. Her sit Johan og Fredrik Gjelsvik med kvar sin rev på fanget. Ved sida av, familien på garden. Bak ser ein nokre av revebura.

Kanonstilling på Flokenes
Kanonstilling på Flokenes
Dei første kanonane kom på plass på Storehaugen på Flokenes i oktober 1941 etter at tyskarane hadde bygt ein 1.100 meter lang veg til stillinga.
Dei hadde mellombelse stillingar fram til årsskiftet, då fortet på Storehaugen stod ferdig. Fire franske 105 mm kanoner som kunne råke mål på 11.400 meters avtastand var hovudskytset, og elles strutta fortet av panservernkanoner, luftvernkanoner og mitraljøser.



Offiserbrakka på Flokenes.
Offiserbrakka på Flokenes.
Frå Flokenes kunne tyskarane sperre innløpet til Førdefjorden og skyte mot sjømål på Stavfjorden. Kommandoplassen låg i ein bunker, og bakanfor stillingane vart det m.a. bygt mannskapsbrakker og kjøkken med messe. Truleg var det kring 88 offiserar og soldatar ved det tyske fortet på Flokenes.
Her var det også planen å byggje eit større fjellanlegg, men dette vart ikkje tyskarane ferdige med før fortet vart nedlagt i april 1944 og batteriet overført til Blålid-fortet ved Måløy.


Narrekanon
Narrekanon
Her som på dei fleste forta sine, bygde tyskarane narrekanonar av tømmerstokkar og kryssfinér for å narre fienden.


1956
1956
Oversiktsbilde over Selvik frå 1956. Dette var før både skulen og riksveg 609 var bygd. Skulen ligg i dag til høgre på bildet.

Pløying
Pløying
Traktorane var mindre før, plogen var mindre ,men steinane ein fekk opp når ein pløgde var minst like store. Bilde frå rundt 1965

Skogsdrift rundt 1960
Skogsdrift rundt 1960

Stølsliv © Kjelde: Askvoll sogenemnd/Utlån av foto: Oddvar Gjelsvik
Stølsliv
Kjelde: Askvoll sogenemnd/Utlån av foto: Oddvar Gjelsvik
Frå stølen i Krokebotn omkring 1925.

Dobbeltbryllaup i 1941. © Kjelde: Askvoll sogenemnd/Utlån av foto: Oddvar Gjelsvik
Dobbeltbryllaup i 1941.
Kjelde: Askvoll sogenemnd/Utlån av foto: Oddvar Gjelsvik
Brurepara er Oddvin Stubhaug og Ragna Løvik, Matias Kvammen og Aasta Jorunn Stubhaug.


Kvammen omkring 1930 © Kjelde: Askvoll sogenemnd/Foto: Firda
Kvammen omkring 1930
Kjelde: Askvoll sogenemnd/Foto: Firda
Det ligg båtar ved kaia der Olav Aalen dreiv dampskipsekspedisjon. I huset midt på bilde var det meieri, og det store kvite huset oppe i bakken var skulehus.

Høyonn i Gjelsvika © Kjelde: Askvoll sogenemnd/Utlån av foto: Oddvar Gjelsvik
Høyonn i Gjelsvika
Kjelde: Askvoll sogenemnd/Utlån av foto: Oddvar Gjelsvik

Høyonn i Gjelsvika © Kjelde: Askvoll sogenemnd/Utlån av foto: Oddvar Gjelsvik
Høyonn i Gjelsvika
Kjelde: Askvoll sogenemnd/Utlån av foto: Oddvar Gjelsvik

Kvammen Kapell © Kjelde: Askvoll Sogenemnd/ Foto: Firda
Kvammen Kapell
Kjelde: Askvoll Sogenemnd/ Foto: Firda
Kvammen kapell vart bygd i 1977. Arkitekt var Alf Apalseth og byggmeister Olav Lien, Bygstad. Her frå opningsdagen.


Stubhaug & Co. © Kjelde: Askvoll Sogenemnd/ Utlån av foto: Ole Stubhaug
Stubhaug & Co.
Kjelde: Askvoll Sogenemnd/ Utlån av foto: Ole Stubhaug
Frå opningsdagen i 1978.


Avduking av minnesteinen over professor Nikolaus Gjelsvik © Bilete frå Fylkesarkivet
Avduking av minnesteinen over professor Nikolaus Gjelsvik
Bilete frå Fylkesarkivet
Frå venstre: Ramstad, Hegrenes, L. Botten, Flokenes. Dei fire til høgre er familien Gjelsvik

Portrett av Kristen Vågane (1857-1938) som var landpostbud på Flokenes-Stavestrand-ruta. © Bilde frå Fylkesarkivet
Portrett av Kristen Vågane (1857-1938) som var landpostbud på Flokenes-Stavestrand-ruta.
Bilde frå Fylkesarkivet
Kristen var busett på Stavestrand saman med kona, Gjertrud. Dei budde om lag ein times gange (på gangsti) frå butikken i Stongfjorden og heilt til det siste tok Kristen turen dit for å kjøpe det beste han visste - skråtobakk og kandissukker. Biletet er teke i Stongfjorden, utanfor huset til dottera til Kristen, Hellina, og mannen hennar, Anton Hollevik. T.h. på biletet står sonedotter til Kristen, Oline M. Vågene Myklebust (1918-) som er busett på Myklebust i Midtgulen.


Førdefjorden Vel