Førdefjorden Vel

Turbeskriving - Nipebu

Turen til Nipebu er godt merka av Indre Sunnfjord Turlag. Start frå Markavatnet og følg stien som er merka med Turlaget sine T’ar. Første delen av turen er den same som vegen til Eitrenipa. Når ein kjem til brua der stien til Eitrenipa svingar austover mot Leknesvatna, går ein over brua og vidare oppover mot Grunnevatnet.

Bru
Bru
Skal du til Krokavatnet og vidare mot Nipebu og kringliggjande fjelltoppar går du over denne brua og føl merka sti vidare. Skal du til Leknesvatna og Etrenipa føl du stien som går på nordsida av elva.

Grunnavatnet
Grunnavatnet
Flott vær i oktober, her illustrert med eit blikkstille Grunnevatn.

Vidare kjem ein til Svortevikstølen som ligg ved Krokavatnet. Krokavatnet svarar til namnet sitt der den krokar seg mot Eitrenipa og Kringlefjella som ligg søraust for vatnet. Denne turen ligg innan rimeleg avstand for dei fleste og er eit flott mål for ein familietur. Som fiskevatn er det større sjanse for få fisk enn å ikkje få viss du prøver lukka i Krokavatnet.


Turlaget har gjort ein god jobb med å utbetre stien


Turen til Nipebu går vidar mot sørvest mot Nipevatnet. Skal ein på Fossedalshengenipa tek ein her oppover ryggen på Nipa. Vegen seier seg sjølv, så lenge det går oppover er ein på rett veg. Skal ein på Markahengenipa føl ein den merka stien fram til Nipevatnet. Her tek ein til høgre og går det slake fjellplatået til endes. Ikkje noko spektakulær tur, men flott utsikt når ein kjem fram på kanten. Fossedalshengenipa er 713 meter høg medan Markahengenipa er 605 meter.

Utsikt frå Markahengenipa.
Utsikt frå Markahengenipa.
Bildet viser to av gardane ved Markavatnet. I bakgrunnen ser ein Florø.

Fossedalshengenipa
Fossedalshengenipa
Utsikt frå Fossedalshengenipa.

Føl ein den merka stien vidare frå Nipevatnet kjem ein til Nipebu. Hytta ligg ved søraust-sida av Langevatnet, 500 m.o.h. Det er 7 sengeplassar + sovasofa + seng i bod, samt hems med plass til 4-5 alt etter storleik. Seng i uthus for hundeeigarar. Denne kan nyttast også i kjølege periodar med oppvarming frå propanomn.

Nipebu er sjølvbetjent, dvs at der er eit avgrensa matlager som turgåarar kan nytte seg av mot betaling. Betaling av proviant og overnatting skjer med eingongsfullmakt som du fyller ut og legg i postkassen i stova.
Det er båt og kano i naustet eller i vika rett nedanfor hytta. Bruk redningsvestar! Mange fine fiskevatn rundt hytta

Fossedalshengenipa sett frå Nipebu © Gustav Skaar
Fossedalshengenipa sett frå Nipebu
Gustav Skaar

Kart over turen til Nipebu
Kart over turen til Nipebu
Vegen fram til Markahengenipa er teikna med svart. Frå Nipevatnet er stien til Nipebu markert med raudt. Grøn farge viser vegen opp på Fossedalshengenipa.
Førdefjorden Vel