Førdefjorden Vel

Andre fjellturar.

Sjønakletten – 321 moh

Turen til Sjønakletten startar på leikeplassen bak Stubhaug & Co. Her er det merka sti heilt fram til toppen. Merkinga er ein kombinasjon av raude band, raudmaling på tre og raudmaling på berg. Frå leikeplassen går stien inn i skogen og vidare bak byggefeltet før den går vestover. På turen kan ein også få med seg Kvamsstorehogen som ligg på 187 moh. Sidan ein går på høgste ryggen utover mot toppen varierer utsikta mellom ned i Gjelsvika og ned på Kvammen/Leknes. Etter at ein har kome gjennom eit plantefelt ovanfor Bjørndalen har ein flott utsikt innover Førdefjorden. Frå toppen har ein god utsikt mot vest.

Turen tek frå 1 – 1 ½ time. Første del av stien kan vere noko våt, så vel fottøy deretter. Stien går gjennom to grinder. Syt for at desse er attlatne. Nordre Askvoll Helselag vil ha loddbok liggande på toppen i vinterhalvåret 09/10. Toppen ligg såpass lavt at det ligg lite snø her. Ein kan også starte frå Kvammen, Leknes, Bjørndal, Gjelsvik og Liset for å gå denne turen.

Sjønakletten
Sjønakletten
Utsikt mot vest.

Sjønakletten
Sjønakletten
Utsikt innover Førdefjorden.


Dyrehovden – 275 moh

Dyrehovden har fleire ulike stiar. Felles for dei er at dei fleste fører fram… hjorten har inne imellom valt nokre alternative trasear. Den mest vanlege vegen er å gå skogsvegen på Flea. Ein kan også gå frå Flokenes og Skogsvegen ved Øyravatnet.

Frå Flea føl ein skogsvegen til den deler seg, der vel ein vegen til høgre. Ein kjem ganske snart inn på sti som er merka med raude band. Her stig det bratt opp, men det er ikkje lange biten før det vert småkupert fram mot toppen. Turen tek 20-30 minutt i moderat tempo. Nordre Askvoll Helselag og Flokenes Grendahus har loddbøker liggande på toppen.




Førdefjorden Vel