Førdefjorden Vel

Eitrenipa

Eitrenipa ruvar 856 moh, og turen opp kan beskrivast som moderat krevande, gjennom flott terreng.

Til å beskrive vegen til Eitrenipa har vi lånt tekst frå bloggen til Gustav Skaar. Få, om nokon, har så mange turar på på denne toppen siste året.

Kart over Eitrenipa
Kart over Eitrenipa
Den mest vanlege vegen går frå Markavatnet. Som ei alternativ rute kan ein gå inn til Bjørnastigvatnet før ein svingar vestover igjen. Denne ruta er merka med rødt. Tilkomst frå Gjelsvikstølen er merka med grønt.

Køyr opp til Markavatnet v/Skjerlia, der det står skilt til Nipebu. Følg merka sti til austenden av vatnet, over demning, og vidare opp mot sør gjennom grinda.

Demning ved Markavatnet
Demning ved Markavatnet
Markavatnet med Skorvemarka i bakgrunnen
Bru
Bru
Skal du til Krokavatnet og vidare mot Nipebu og kringliggjande fjelltoppar går du over denne brua og føl merka sti vidare. Skal du til Leknesvatna og Etrenipa føl du stien som går på nordsida av elva.

Ta av frå den merka stien rett før brua og opp på venstre side av elva. Elva har utløp frå Leknesvatna. Hald denne sida av elva heilt opp til vatnet. Omlag midtveges opp til vatnet går her ein løypestreng ved eit hammarslag ved elva som er god å halde seg i. Vegen vidare opp til vatnet går over to, tre hamrar (som kan vere glatte) og opp til fossen. Her må du opp ei litt bratt skår på 4-5 meter der det heng ein løypestreng til å halde seg i.

Leknesvatnet © Arild Flokenes
Leknesvatnet
Arild Flokenes
Etter at du har passert fossen og nokre småtjern går turen vidare på nordsida av Leknesvatnet

Inn langs Leknesvatna er det greiast å ta nordsida av vatna. Her er det brukbar sti og delvis merka med vardar. Litt småkupert, men lett å ta seg fram. Og nydeleg utsikt. Eitrenipa kneisar i søraust-enden av vatna med den karakteristiske forma si. Denne og Blegja ser du heile vegen austover. Du passerer over brua mellom vatna for å komme sør om. Svært idyllisk. Her ser du med fryd (?) opp på det majestetiske målet...

Bru ved leknesvatna © Arild Flokenes
Bru ved leknesvatna
Arild Flokenes
Området rundt Leknesvatnet er noko av det finaste i den lokale fjellheimen. Her er brua som går over vaet mellom vatna. I bakgrunnen tronar Blegja.

Tyngste biten er frå vatnet og opp. Ganske bratt og litt krevjande. Men ruta og retningen seier seg egentleg sjølv. Du ser kvar du kan gå. Men du føl den lange "grasbakken" opp sørover til du kjem opp i kanten på fjellet. Ta litt bort (sør) flata heilt under bratte fjellet. Så tek du ganske bratt opp skåra til venstre (aust). Deretter den lengre og ganske bratte skåra opp til høgre (sør).

Fyr og flamme © Gustav Skaar
Fyr og flamme
Gustav Skaar
Tøff stein på vippen © Arild Flokenes
Tøff stein på vippen
Arild Flokenes

Høgt midt oppe i fjellet svingar skåra ganske bratt opp til venstre igjen (aust) - og her er det ikkje tvil om retningen...! Sjølve toppen er eit stort platå som hallar austover. Dei andre retningane fører bratt utfor, unnateke Eitreskaret i sør (som du først må austover for å komme ned i - eller gå ned den breie skåra som går vest/søraust frå toppen). Herifrå kan du gå til Massbu/Nipebu/Fossedalen

Førdefjorden Vel