Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå mars

Like presis som NSB, like innhaldsrik som ein pose havregryn. Her er bildebrev frå Mars, og det er ikkje rare greiene.

Steinras ved Løvika
Steinras ved Løvika
Mildværet kom med eit brak, bokstaveleg tala. Vanlegvis er det rundt Hundsåna ein er mest redd for steinsprang men denne gongen var det ved Løvika det rasa. Heldigvis har vi Brekka som denne dagen var tyngre traffikert enn Sinsenkrysset.

Parkeringsplass ved gravplassen i Gjelsvika
Parkeringsplass ved gravplassen i Gjelsvika
Etter å vore diskutert og planlagt i ei årrekke er endeleg arbeidet med å opparbeide parkeringsplassar ved gravplassen i Gjelsvika i gang. Til saman vil dette gje 26 parkeringsplassar.
(Sist oppdatert 10.april 2010, 17:38)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel