Førdefjorden Vel

Nyhende

17. mai 2010

17. maifesten er unnagjort og dei ulike nemndene kan lene seg tilbake og vere fornøgd med arbeidet som er gjort. Som vanleg var eit stort antall involvert med pynting, rydding, mat, leikar og program på sjølve festen. Været var ikkje det beste, men utover dagen kom sola og gradestokken sleit seg over 10 grader, noko vi må vere fornøgd med i ein mai månad som elles har bydd på snø og nattefrost.

Folketoget gjekk frå Høgda til minnesteinen på Ålaneset. Russen og skuleelevar sette eit høglydt preg på det heile. God stemning! Oddvar Gjelsvik hadde skrive ein appell om dei frå området som fall under 2. verdskrig, og om hendingar frå krigen elles. Sigrid Lunde las opp denne.

Vidare gjekk turen til skulen der det var tid for god mat og leikar av ulike slag. Dagen vart avslutta med folkefesten. Ein flott dag med mykje godt program!

Minnesteinen ved Ålaneset.
Minnesteinen ved Ålaneset.

17. mai
17. mai

Tautrekking
Tautrekking
Vanlegvis er det fotballkamp mellom russen og foreldra. Med berre 4 elever i 10. klasse vart det i staden tautrekking der mange såg sitt snitt til å gje ei hjelpande hand. Stort engasjement der det ein periode vart nesten for intenst, men folk flest kom i frå det utan varige men.

Stafett
Stafett
Trond har funne balansen, Inge har funne roen, litt meir usikkert kva Bjarte er i ferd med å finne.

Konebæring
Konebæring
Teknikken var god, innsatsen upåklageleg, alt i alt fekk vi sjå fleire gode kandidatar til VM i konebæring.
(Sist oppdatert 17.mai 2010, 21:12)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel