Serviceskyssen er eit tilbod lagt til rette av Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askvoll kommune , Nærmiljøsentralen, Taxinæringa og lag og organisasjonar i kommunen.
Dette er eit tilbod som du som brukar kan styre. Du har høve til å ta med deg varer, og vil få hjelp til å bæra dei i hus etter at du har handla i Askvoll sentrum.
Dersom du ynskjer å gå av andre stader på ruta er det i orden, du vil bli henta igjen der. Prisen vert den same kr. 15 .- ein veg, uansett køyrelengde.
I dei ulike krinsane som rutene går til, vil det etter kvart verte lagt til rette for sosiale aktivitetar, der du er velkommen.
Viktig: Alle som vil nytte serviceskyssen må tinge plass seinast kl. 18.00 dagen før. Dette fordi taxi eigar vil vite kva bil han skal nytte, og kor han skal hente deg.
Dersom du har spørsmål kan du kontakte Nærmiljøsentralen i Askvoll telefon 57 73 46 20 eller mobil 908 486 27.
Rutetider
Måndagar, med tinging av plass søndag til Iris på tlf. 95 95 62 11
klokka 13:00 Frå Leknes - Høgda
klokka 13.10 Frå Hestvik - Høgda
klokka 14.00 Frå Hegrenes
klokka 13:30/ 13:45 Frå Stavestrand / Skorvemarka
Retur frå Høgda: klokka 16.30