![]() |
Blegja |
Like flott som i mai, Blegja går aldri av moten. Denne gong er bildet tatt frå Mandelidbotnen. |
![]() |
Jonsokaftan |
Foto: Steinar Bråstad |
Jonsokaftan var ein av dei finaste kveldane denne månaden. Flott temperatur, og god stemning langs heile fjorden. |
![]() |
Fullt hus |
Foto: Steinar Bråstad |
Arbeidet med båthamna er ikkje ferdig men folk hadde likevel ein flott jonsokkveld då Båtlaget og Bygdekvinnelaget inviterte til grilling og basar. |
![]() |
Grillfest |
Skulen og barnehagen hadde felles grillfest 14. juni. Fire 10. klassingar er på veg ut skuleporten medan seksåringane står klar til å ta over. |
![]() |
Middagsfjell |
Helselaget har lagt ut bok på Middagsfjellet. Denne toppen ligg 570 m.o.h og har god utsikt både utover og innover Førdefjorden. Ein ser også rett nedatt i bygda så då kan ein ha kontroll på kven som har slått plenen sin. Turen opp kan ein gå både frå Vassverket og vidare opp Gjelsvikskora, og frå Rørvika og over Femsteinsheia. |
![]() |
Middagsfjell |
Sola heng høgt på himmelen sjølv om klokka nærmar seg 10 om kvelden |
![]() |
Helselagstur til Vasslivatnet |
Foto: Sara Osland |
![]() |
Helslagstur til Lambeskjæret |
Foto: Ellen Hestvik |
![]() |
Helselagstur til Leknesvatnet |
Foto: Egil Lavik |