Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå august

Målsetjinga med bildebreva til fordefjorden.no var at desse skulle presenterast snarast råd etter kvart månadsskifte. I det vi passerer 15. september kan vi vel sei det er i seinaste laget. Denne månaden var dette likevel så tidleg det var muleg å få det til.

August var ein flott månad langs Førdefjorden, med to klare høgdepunkt. Skulestart og fotballturnering. Det var truleg ei større omveltning for middelaldrande bønder å nok ein gong bryte fysiske lover i grendacupen enn det var for fornøgde 6 åringar å gå inn skuleporten for første gang.

Nettstaden gangsperre.no vart oppretta, men ute av stand til å bevege andre musklar enn augelokket såg bøndene seg nødt til å la dette ligge.

Blegja
Blegja
Like flott som i juli, Blegja går aldri av moten. Denne gong er bildet tatt frå Løvika
Solnedgang
Solnedgang
Aldri ein månad (utanom september til mars) utan at ein ser flotte solnedgangar frå Selvika
Grendacup i flott natur.
Grendacup i flott natur.
Straffesparkkonkurranse
Straffesparkkonkurranse
Sommarens fotball VM kan ta seg ein bolle. Den verkelege spenninga fekk ein i år i grendacupen på Høgda.
Kvammen båthamn
Kvammen båthamn
Berre ein ledig båtplass att no. Kontakt Steinar Bråstad, braastad.xo@hotmail.com , om du ynskjer at den skal bli din.
Badetemperatur?
Badetemperatur?
Arbeidet med badeplass i Øyravatnet er i gong. Vegen er snart ferdig, men det vert nok ikkje mykje bading her i år.
(Sist oppdatert 15.september 2010, 09:05)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel