Førdefjorden Vel

Nyhende

Viktige datoar i Omstillingsarbeidet i Askvoll

Set av kvelden 10. november og dagane 11.-12. januar.
Askvolll kommune vart Omstillingskommune frå 2010. Kommunen får økonomisk og fagleg støtte frå fylkeskommunen til å styrke det næringsretta arbeidet. For å oppnå dette må næringslivet ha eit godt samarbeid seg i mellom, og det må vere eit tett samarbeid mellom næringslivet og kommunen.
Omstillingsarbeidet er prosjektretta, og både næringslivet og kommunen skal vere med i styringsorgana.


10. november 2010 kl. 17.45 på Askvoll Fjordhotell – Skiping av næringsorganisasjon i Askvoll.

Næringsdrivande i kommunen vil verte invitert til å skipe næringsforening.
Styret eller deler av styret vil gå inn som næringslivet sine 3 representantar i Styringsgruppa for Omstillingsarbeidet. Kommunestyret oppnemner dei to andre.

Omstillingsarbeidet er under omorganisering, og to modellar har vore vurdert:
-den eine med ein felles nærings- og omstillingsorganisasjon.
-den andre med to organisasjonar: eit eige omstillingstyre og ein frittståande næringsorganisasjon.

Invitasjonen vil innehalde framlegga i detalj.



Tysdag og onsdag 11.-12. januar 2010 vert det kurs i Prosjektleiing (PLP) på Askvoll Fjordhotell. PLP står for Prosjekt-Leiar-Prosessen og er eit kurs utvikla av Innovasjon Norge for bruk i offentleg og privat utviklingsarbeid.
Kurset er for både næringslivet og det offentlege. Omstillingsarbeidet er organisert som prosjektarbeid, og alle som vil vere aktivt med i delprosjekta eller i ”hovud”-prosjektet bør ta kurset.



Passar ikkje våre datoar, kan du ta kurset i regi av Innovasjon Norge i perioden oktober til november, i Hermansverk, Førde eller Eid: sjå linken nedanfor:
(Sist oppdatert 28.oktober 2010, 21:29)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel