Nyhende
Førdefjorden – landets einaste fjord utan ferje eller bru!
Det står i Firda i dag om manglande fjordkryssing over Førdefjorden. Det er usikkert om dette er noko å skryte av så no har Naustdal kommunestyre løyvd 150000 kroner for å greie ut kva som er den mest framtidsretta fjordkryssinga. Alternativa til fjordkryssing er mange og vi vil lansere nokre forslag, så får Naustdal kommune vurdere om dette er god nok utgreiing av tiltaket.
 |
Bakkejekta |
Følgjer ein nyheitsbildet veit ein at Bakkejekta er på veg til vinteropplag. Eit alternativ er å setje den inn i persontrafikk på Førdefjorden. Så grisgrendte strøk som her er er det ikkje mange sjelene som kryssar fjorden kvar dag, så Bakkejekta er meir enn stor nok. Dette er ein flott båt med klare historiske referansar. Det er usikkert kor godt båten toler grov sjø, så ein kan i periodar måtte oppleve nokre innstillingar. |
 |
Kunstprosjektet "Konvoi" |
Eit kunstprosjekt med Førdefjorden som utstillingsarena. 300 små båtar vart sjøsette for å følgje ver, vind og straumar til heldige finnarar. Kvar båt frakta Plakat med 30 utvalde trua arter, almefrø til å så, og eit grafisk trykk. Gruppe MIM ynskte å markere at 300 kunstnarar gjennom 30 år har vitja Vevring. Gruppe MIM sette og søkjelys på konsekvensar av mogleg gruvedrift i Engebøfjellet.
Dette alternativet tek utgangspunkt i å krysse fjorden frå Leknes til Vevring. Fordelen er kort avstand, låge drivstoffutgifter og sjølv i tjukk skodde finn ein land ved hjelp av støy frå Gruvedrifta på Engebø. Bakdelen er uregelmessige avgangar, begrensa kapasitet og ein er svært væravhengig.
|
 |
Njord |
Med base i bulandet har Njord slått seg opp som spesialistar innan havkajakk. Dette er fjordkryssingsalternativ som er effektivt og energisparande. Tempoet ein held over fjorden passar for dorging av laks, så dette er ein positiv bieffekt. Som nasjonal laksefjord veit vi at her er laksetettleiken så stor at du nærast kan gå tørrskodd over til Vevring, noko som er eit alternativ i seg sjølv… |
 |
Fjord1 |
Utkonkurrert av TIDE på ruta til Bergen er Fjord1 på desperat jakt etter nye rutealternativ. Fordelane er… ikkje så mange, men det kan sjå ut til at ein slepp konstaden med opparbeiding av kai. |
 |
Tide |
Fjord1 vert nok utkonkurrert av TIDE i dette tilfellet også. Og TIDE… dei kan vi stole på… |
 |
Bru |
Skal ein få ein ytre kyststamveg som lever opp til namnet er Flokenes-Svortevik det einaste alternativet. Ei bru over fjorden her kan omtalast som eit mindre naturinngrep, om lag som Nordic Mining sine planar på Engebø. Ein slepp å forhalde seg til rutetider, ferjebillettørar og full storm frå sørvest.
No som bommen i Fjærland skal fjernast er nok betalingsviljen stor hos den jamne sunnfjording. Ein plass mellom 180 kroner og 150.000 kroner pr passering må ein nok rekne med, alt etter kva parti som sit i regjeringsposisjon.
Ut frå samfunnsmessige økonomiske omsyn skal ein sjølvsagt flytte bomstasjonen som sto på Svarthumle ved Naustdaltunnellen til Flokenes.
|
(Sist oppdatert 01.november 2010, 12:15)
Gå til nyhendearkiv