Nyhende
Bildebrev frå oktober.
Vêrstatistikk frå Florø lufthamn målestasjon i oktober.
Dette er den næraste offisielle målestasjonen. Stasjonen vart oppretta i juni 1971. Stasjonen måler temperatur og vind. Det manglar normalar for nedbør. Det kan mangle data i observasjonsperioden.
Siste 30 døger: Snittemperaturen var 7,5 gradar, 0,4 gradar under normalen. Høgste temperatur var 18,3 gradar (4. oktober), lågaste var -0,4 gradar (21. oktober). Største vindstyrke var 21,3 m/s (30. oktober).
Siste 12 heile månader: Høgste temperatur var 24,5 gradar (16. aug. 2010) og lågaste -9,3 gradar (8. jan. 2010).
 |
Blegja |
Foto: Gustav Skaar |
Like flott som i september, Blegja går aldri av moten. Denne gong er bildet tatt frå Svarthamrane. |
 |
Snøfall |
Snøen kom overraskande på dei fleste. Bilar køyrde i grøfta og tre brotna. Berre sauene var føre var og hadde kledd seg med ull frå topp til tå. |
 |
Ras |
Til tross for omfasttande sikringsarbeid rasar det stadig innanfor Hundsåna. Denne gongen var det overraskande snøfall kombinert med lauv på trea som skapte problem. Nokre bilistar tok sjansen på å køyre gjennom raset, medan store bilar måtte vente på at vegen vart rydda. |
 |
Sikring |
Ein måtte rekne med litt ventetid når sikringsarbeidet omsider var utført ved Hundsåna. Straks sikringsarbeidet var ferdig...begynte det å rase. |
 |
Vinter langs Førdefjorden |
Foto: Steinar Bråstad |
Meir snø. Dette såg nesten idyllisk ut, men litt kaldt. |
 |
Snøfresar? |
Foto: Steinar Bråstad |
Her har bonden vorte overraska av tidleg snøfall eller så er han klar for ein tidleg vår. |
 |
Basar |
Hausten er basartid med loddsal, god mat og kjærkomne inntekter til ulike lag og organisasjonar. Det bur ein liten gambler i oss alle så det er spennande med loddtrekking! |
 |
Basar |
Foto: Venke Nordeide |
Allaktivitetshuset sin basar. |
 |
Helselaget sin basar |
Siste helga i oktober hadde helselaget basar i Flokenes Grendahus. Fullt hus og stor stemning. Det var også trekking av loddbøker som har vore utlagt på ulike trimpostar i år. Kristoffer Mandelid vann hovudgevinsten her. |
 |
Forskaling |
Foto: Steinar Bråstad |
I oktober var det tid for dugnad i småbåthamna. Ivrige sjeler nytta godværet til sosialt samvær og ivrig snekring. |
 |
Springflo |
Foto: Steinar Bråstad |
Springflo i båthamna. Det kan vere ei utfordring å drive med forskaling når springfloa er næraste nabo. |
 |
Vassbehandlingsannlegg. |
Foto: Steinar Bråstad |
Det dukkar stadig opp nye hus i bygda. Dette huset bidreg ikkje til folketalsauke men er derimot eit nytt vassbehandlingsannlegg på Høgda. |
(Sist oppdatert 03.november 2010, 10:53)
Gå til nyhendearkiv