Førdefjorden Vel

Nyhende

Nissekafé

Laurdag arrangerte 4H nissekafé med julegrantenning. Dette har vorte ein god tradisjon som samlar mykje folk. På kafeen fekk ein mellom anna kjøpe pepparkake og julegløgg så mange merka ei gryande julestemning. Når kafeen stengde var det tenning av julegrana og gang rundt juletreet
.
Så… som lyn frå klar himmel var nissen der. Kanskje kom han ridande på reinsdyr eller kanskje hadde Iris kjørt til Nordpolen og henta han med drosja? Små forventingsfulle hender strekte seg mot nissen i påvente av store, flotte gåver. Gleda sto i taket når dei mottok ein… mandarin. Kven sa at dagens barn er bortskjemt? Men som ein 4 åring tørt sa det etterpå: ”Det var ikkje ein ekte nisse, han gjekk inn på lageret til Ole’n etterpå”

Tenning av julegrana
Tenning av julegrana

Endeleg
Endeleg
Årets første nisse er eit faktum.

Skeptiske
Skeptiske
Her er to som gledar seg til nissen kjem, sjølv om dei ikkje er heilt sikker på om han er ekte.
(Sist oppdatert 29.november 2010, 21:02)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel