Førdefjorden Vel

Nyhende

Lat att døra, det trekker.

Det er ein heilt vanleg førjulsmorgon, kald desember med minus både i lufta og på bankkontoen. Snøen kler landskapet som eit vakkert postkort frå barndommen og sjølv ein gjennomsnittleg bonde kan bli poetisk av mindre. Men det er kaldt og vi frys. Til og med vatnet som er van med å vere ute i all slags vær frys. Vassbrønnar blir tomme fortare enn oljebrønnar i Nordsjøen og vi lengtar tilbake til tida med global oppvarming.

Nokre lydar høyrer seinsommaren til. Mellom desse er lyden av trekkande flokkar med gjess, på veg til sydlege strøk for ein behageleg vinter. Dette skjer vanlegvis i august og er eit sikkert teikn på at hausten er i anmarsj. Men no i desember? Trengde dei ein månad med beinkulde før dei ertesmå hjernane deira registrerte at sommaren var over? Kanskje er det eit resultat av eit økosystem i ubalanse, kanskje ein bonde som har slept ut litt for mykje pressaft? Eller kanskje dei ville ha med seg finalen i X-faktor før dei tok turen sørover?

Ei fæla kakling og akkedering følgjer denne flokken så det er ingen tvil om at dette i hovudsak er hofugl. Dei flyg fort, sikkert for å holde varmen, og dei held den klassiske V formasjonen for å spare energi. Eg synest det er fasinerande med trekkande gjess i desember så eg følgjer dei med kikert for å studere dei. Brått gjer flokken ein sving, 90 grader mot vest. Kva no? Det er ikkje der Grand Canaria ligg. Eg studerer fuglane nærare og skjønar med eitt kva som er i ferd med å skje. Det er ikkje vanleg grågås som er på tur. Det er islandsk grågås som skal til Stongfjorden, der det er godt å leve og bu. Kanskje dei skal ein tur i Hønsehagen for å kose seg også? Det er godt å kunne konkludere med at naturen er i rimeleg balanse likevel, alt er som det har vore. Islandingar flyttar frå øya og Askvoll kommune vurderer framleis skulestrukturen i kommunen. Men til neste år kan ein vente store kull i Stongfjorden.



(Sist oppdatert 12.desember 2010, 15:43)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel