Førdefjorden Vel

Nyhende

Milepæl – 50000 treff på fordefjorden.no

Finlesing av statistikk viser at fordefjorden.no har hatt 50000 treff så langt i 2010. Dette er ikkje 50000 unike brukarar, men antal sider som har vorte opna og forhåpentlegvis lest. Likevel er dette eit tal ein kan vere fornøgd med. Status for 2009 var rundt 37000 treff så vi har hatt ein solid auke siste året.


Mulege årsaker og positive sider ved dette:

- Bygdefolket ser seg tent med sida og brukar den i større grad enn før.
- Vi når ut til utanforståande med informasjon og reklame om bygda.
- Vi har eit solid tal å vise til når vi i 2011 skal prøve å få fleire sponsorar til sida.


Utfordring/oppfordring:

- Oppdatering. Vi burde ha fleire nyhetssaker som omtalte bygda, det burde vere meir generell informasjon om bygda, og lag og organisasjonar bør i større grad oppdatere informasjonen som alt er lagt ut. For å få dette til treng ein fleire som aktivt skriv og oppdaterer sida. Rundt 15 personar har brukarrett til å oppdatere ulike nivå av sida. Er det nokon av desse som mista brukarnamn og passord send e-post til systemansvarleg. Er det andre som ynskjer å bidra send e-post til tormselv@online.no, så kan eg hjelpe deg med å få brukarnamn, eller legge ut eventuell tekst og bilde.
- Bilde. Folk likar å sjå bilde av natur og folk dei kjenner. Send bilde pr e-post, desse kan nyttast mellom anna i bildebreva som vert publisert kvar månad. Dess fleire bilde dess betre!
- Historiske bilde er av stor interesse då dette er noko som fengar. Papirbilde kan skannast så ta kontakt om du har dette.
- Gje tilbakemelding om det er noko som du saknar eller skulle ynskje var annleis på sida. Det meste kan forandrast.

Vi satsar at den positive trenden held fram i 2011.
(Sist oppdatert 17.desember 2010, 10:42)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel