Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå desember.

Bildebreva på fordefjorden.no har etterkvart vorte sjølvgåande. Folk sender inn bilder frå ulike hendingar i bygda. Hald fram med dette! Har du bilder, send dei til tormselv@online.no .

Værdata frå målestasjonen ved Florø lufthamn siste 30 døger: Snittemperaturen var -0,7 gradar, 2,9 gradar under normalen. Høgste temperatur var 6,6 gradar (16. desember), lågaste var -8,2 gradar (26. desember). Største vindstyrke var 17,7 m/s (16. desember).

Vi har passert ei jul sjølv Bing Crosby kan vere fornøgd med. Førjulsdagane er gjerne litt turbulente og her ei kort oppsummering på kva som skjedde før julefreden omsider senka seg.

Gjelsvik barnehage har i haust vore godt besøkt. Vasskoppar, skarlagensfeber og omgangssjuke har i tur og orden tatt turen innom, og som med besøkande du helst skulle ynskje reiste fort vidare har desse slått seg i ro i barnehagen og holdt personale og ungar på tå hev/strak ut i vekevis.

Sjukdommen som feilaktig blir omtalt som omgangssjuke den varer tross alt lenger enn 45 minutt, er kanskje den som slår hardast. Trøsta får være at ein ikkje legg på seg i jula dersom ein vert råka, men pinnekjøtet smaker definitivt ikkje like godt med noroviruset innanbords.

I samband med at det fall ein centimeter snø i store deler av Europa vart all flytrafikk lamma. Kansellerte flyavgangar vart like vanleg som politiske løftebrot. Det meste ordnar seg viss ein berre strør godt nok.

Og til dei som syns dei har brukt for mykje pengar på julegåver, tenk på grisen, han sit verkeleg ribba tilbake.

Blegja
Blegja
Like flott som i november, Blegja går aldri av moten. Denne gong er bildet tatt ovanfor Ålaneset.

Heim til jul?
Heim til jul?
Var ein på reisefot i dagane før jul bydde det på store problem. På flyplassane rundt i Europa opplevde ein enkelte instilte flyavgangar.

Basar © Foto: Marit Leknes Gryte
Basar
Foto: Marit Leknes Gryte
Misjonssambandet har sin årlege basar i kapellet 1.sundag i advent. Det kom mykje folk som kosa seg med god mat,allsong, åretrekning og fine gevinstar på loddbøker.

Basar © Foto: Marit Leknes Gryte
Basar
Foto: Marit Leknes Gryte

Basar © Foto: Marit Leknes Gryte
Basar
Foto: Marit Leknes Gryte

Julekonsert © Foto: Marit Leknes Gryte
Julekonsert
Foto: Marit Leknes Gryte
12. desember var det julekonsert i Kvammen kapell. Den vart arrangert av kyrkjelydsutvalet i Kvammen og Folkeakademiet. Fin konsert og bra frammøte. På bilete ser vi aktørane, frå venstre Runhild Øvreås, Sabina Baylarbayova, mannen til Sabina og Sidsel Anita Itland.

Godt frammøte på konserten © Foto: Marit Leknes Gryte
Godt frammøte på konserten
Foto: Marit Leknes Gryte

Julemesse
Julemesse
4. desember var det julemesse på Høgda. Godt oppmøte både av utstillarar og folk elles. 10. klasse hadde kafé og opplegg for born med ulike aktivitetar.

Søndagsskulen sin juletrefest © Foto: Geir Ståle Mandelid
Søndagsskulen sin juletrefest
Foto: Geir Ståle Mandelid
Tradisjon tru hadde Søndagsskulen juletrefest 4. juledag. Dette er ei flott stund for heile familien. Borna på søndagsskulen er ansvarlege for gjennomføringa av festen, og bidrog i tillegg med flott song.

Gang rundt juletreet © Foto: Geir Ståle Mandelid
Gang rundt juletreet
Foto: Geir Ståle Mandelid

Kvammen
Kvammen
Til slutt eit omlag hundre år gammalt bilde frå Kvammen.
(Sist oppdatert 03.januar 2011, 08:27)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel