Det er mange grunnar til å gjere unna daglegvarehandelen hos Joker Kvammen, bedre kjent som Stubhaug & Co. Med basistilbod som post i butikk, tipping og drivstoff - supplert med Jokerkjeden sine kampanjer og lokale aktivitetar ser ei vanleg veke ut om lag som dette
Mandag – Gla’mandag med 5% rabatt på alle daglegvarer du handlar denne dagen. Fram til veke 8 får du ein gratis pose Ali kaffi viss du handler for over 400 kroner. Med på kjøpet får du også to av Norges lystigaste reklamemelodier, Joker og Ali kaffe.
Tirsdag – Vekas kundeavis dumpar ned i postkassane våre, full av gode tilbod.
Onsdag – Onsdagstreffen i Allaktivitetshuset med nytrakta kaffi og nysteikte vaflar. Du kan nytte serviceskyssen og bestille taxi dagen før innan klokka 18 gjennom Taxisentralen, 57 73 06 66. Taxien hentar deg heime på tunet, og køyrer deg heim til døra att. Pris er kr. 15 kvar veg. Då er det også ein fin anledning til å fylle opp handlevogna hos Stubhaug & Co.
Torsdag – Trippel-Triumf. Denne dagen får du 3 gonger så mykje Trumf-bonus på alle dagligvarer du kjøper.Har du Trumf Visa får du 5% bonus.
Fredag – Då er det snart helg og du må handle uansett.
Laurdag – Annakvar laurdag er det Laurdagskafé i Allaktivitetshuset. Ein god møteplass for heile bygda, og andre som tek turen innom. Dei som arrangerer kaféen har ofte ulike typar lotteri så skuleklassar, lag og organisasjonar nyttar høvet til å få litt inntekt.
Opningstider:
Måndag-Fredag 10-18
Laurdag 10-17