Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå Januar

Først værdata, denne gong frå Fureneset målestasjon. Høgste temperatur var 8,4 gradar (16. januar), lågaste var -4,2 gradar (3. januar). Samla nedbør var 237,6 mm. Mest nedbør på eitt døger var 31,2 mm (21. januar).

Endeleg ein vintermånad slik som eg hugsar den frå barndommen. Med kuling og regn, snøras og slapseføre vart dette månaden der jorda kom tilbake i si vante bane. Mens vi ventar på lengre og varmare dagar kan ein nytte tida til drøyme om å bli brun og blid, ete lunch i det grønne mens ein ventar på skumringa .

Blegja
Blegja
Ikkje like flott som i desember, kanskje Blegja har gått av moten? Denne gong er bildet tatt bak byggefeltet på Høgda.

Middagsnipa © Foto: Gustav Skaar
Middagsnipa
Foto: Gustav Skaar
Rennefok på kanten av fjellet.

Synfaring
Synfaring
Askvoll kommune skal utvide det kommunale byggefeltet på Høgda. Denne månaden var det synfaring i området...og vi såg ingenting. Tjukk skodde gjorde til at vi i periodar ikkje såg kvarandre eingong, men alle var einige i at det hadde vore ein fin tur.

Nyttårstur © Foto: Egil Lavik
Nyttårstur
Foto: Egil Lavik
Tradisjon tru arrangerte Helselaget tur til Dyrehovden 1. nyttårsdag. Trass i dårelg vær var det godt oppmøte og deltakarane kosa seg med bålbrenning, grilling og fakkeltog ned att.

Stemning © Foto: Egil Lavik
Stemning
Foto: Egil Lavik

Kvernhus i Løvika © Foto: O.Leknes
Kvernhus i Løvika
Foto: O.Leknes
(Sist oppdatert 02.februar 2011, 09:36)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel