Værdata frå Fureneset siste 30 døger : Høgste temperatur var 8,7 gradar (25. februar), lågaste var -7,8 gradar (12. februar). Samla nedbør var 172,3 mm. Mest nedbør på eitt døger var 23,2 mm (1. februar).
Siste 12 heile månader: Høgste temperatur var 25,5 gradar (16. aug. 2010) og lågaste -11,4 gradar (26. des. 2010). Mest nedbør på eitt døger var 54,7 mm (22. jul. 2010).
 |
Blegja |
Mykje finare enn i januar. Denne gong er bildet tatt frå Selvikstølen. |
 |
Flokenes 4. februar |
Foto: Egil Lavik |
Stor flo! |
 |
Monstermast |
Hardanger får sine monstermaster, vi har hatt våre lenge. No er det tid for opprusting der både mastene og kabelen skal skiftast ut. Enno er det ingen som har kjempa for sjøkabel på strekket over Gjelsvika men vi satsar på at dette vert ei stor sak ved neste valkamp. |
 |
Gjetarhundtrening |
Foto: Maria Langhelle |
26. februar var det trening for gjetarhundar og eigarar på Myrane innanfor skulen. Forbipasserande trudde gjerne det var fjellsending på grunn av formangel, men sidan våren enno ikkje har tatt skikkeleg tak kan vi avkrefte dette. |
 |
Tøffe tak! |
Foto: Maria Langhelle |
 |
Tannhelse |
18. februar var det karneval i Barnehagen. Temaet var Karius og Baktus og ein fargerik gjeng kunne stolt posere for fotografen. |
 |
Kvammen Vassverk |
Foto: Steinar Bråstad |
Rustfri tank der går vatnet gjennom første rensing. Etter dette stig det opp gjennom marmorfilter før det renn videre gjennom UV stråling og derifrå til to tankar på tilsaman 100m3, før det går videre på nettet til forbruker.
|
 |
Kvammen Vassverk |
Foto Steinar Bråstad |
 |
Frå NHF Askvoll/Rørvik lag sitt 40 års jubileum i 1987. |
Foto: Olav Leknes |
 |
2 meter lang jubileumskake |
Foto: Olav Leknes |
 |
EKSTRA!! EKSTRA!! |
Foto: Maria Langhelle |
For å komme eventuell budsjettsprekk i møte har Askvoll kommune vedteke å tilsette gjetarhundar i samtlege barnehagar i staden for dagens personale. Kommunen vil på denne måten spare 12,4 millionar, noko som tilsvarer budsjettsprekken på Askvoll rådhus. Fordelen er hunden si evne til å samle borna, men vi vil truleg få ein generasjon der dei fleste "går i hundane"... |