Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå mai

Sidan folk flest er opptatt av været har vi teke med værdata frå ulike målestasjonar i bildebreva dei siste månadene. Dette for å gje folk eit grunnlag når dei skal klage på været. Denne gongen kjem værdata frå Førde. Tidlegare er det Fureneset målestasjon som har vore nytta, men stasjonen i Førde har nok eit meir identisk klima med Førdefjordområdet.

Vi surfa på ei godværsbølge i månadsskiftet april/mai. Folk flest kledde vinterbleike kroppar med bikini og speedo, grilla flintsteik med eit salig smil om munnen og konkluderte med at dette fortente vi etter eit halvt år med vinter! Så gjekk det som det måtte gå. Nasjonaldagen nærma seg og tradisjon tru fekk vi då ein 3-vekers periode der kvikksølvet sleit med å komme over 10 grader og nedbørsmålarane rann over. Regnbyger vart avløyst av haglbyer, som igjen gjekk over til sludd. Telen gjekk i jorda og folk gjekk i hus.

Så kan ein spør seg, er det nødvendig? Kvifor må nokre få velfortente dagar med godvær kompenserast med syndeflod og istid?

Siste 30 døgn: Snittemperaturen var 9,0 grader, 0,3 grader under normalen. Høyeste temperatur var 23,0 grader (9. mai), og laveste var -1,5 grader (6. mai). Samlet nedbør var 209,0 mm. Mest nedbør på ett døgn var 44,2 mm (25. mai). Ett nedbørsdøgn er mellom kl 07 og 07. Høyeste vindhastighet var 9,8 m/s (19. mai).

Siste 12 hele måneder: Høyeste temperatur var 26,4 grader (11. jul. 2010) og laveste -19,1 grader (26. des. 2010). Mest nedbør på ett døgn var 80,3 mm (22. mar. 2011). Største snødybde var 60 cm (4. jan. 2011).

Statistikk
Statistikk
Harde (og kalde) fakta

Blegja
Blegja
Litt gøymd bak skyer men like flott som i april. Denne gong er bildet tatt frå Helselaget sin tur til Tirsheia.

Hengenipa
Hengenipa
Helselaget har loddbok liggande på Hengenipa. Bratt, men flott tur som anbefalast.

17. mai toget
17. mai toget
Lett regn i lufta gjorde til at 17. mai toget i år gjekk frå Flokenes grendahus og bort til bilane på parkeringsplassen.

17. mai
17. mai
Nokre bilder frå 17. mai.

Toppidrett
Toppidrett
Fotballkampen mellom russen og foreldra.

17. mai
17. mai
Fotballkampen engasjerte nokre medan andre snudde ryggen (og vel så det) til.

Landslaget. © Foto: Anne Marie Sve Mandelid
Landslaget.
Foto: Anne Marie Sve Mandelid
Litt suspekte i klesvegen men knakande gode i fotball. Foreldra vann kampen.

17. mai i Kvammen Båthamn © Foto: Marit Leknes Gryte
17. mai i Kvammen Båthamn
Foto: Marit Leknes Gryte
Nasjonaldagen kunne by på 3-4 årstider på kort tid. Innimellom værskifta vart dette blinkskotet teke i båthamna.

Kvammen Småbåthamn © Foto: Steinar Bråstad
Kvammen Småbåthamn
Foto: Steinar Bråstad
Landdelen i Båthamna tek form. No har ein fått fylt masse inn til murane. Dette vert bra!

Kvammen Båthamn © Foto: Steinar Bråstad
Kvammen Båthamn
Foto: Steinar Bråstad
Klar til jonsokfeiring.

Tour of Norway for kids. © Foto: Steinar Bråstad
Tour of Norway for kids.
Foto: Steinar Bråstad
Tour of Norway for kids sykla innom Førde 26. mai. Joker er hovudsponsor og Ole og Monica tok sykling til nye høgder.

Trafostasjon © Foto: Steinar Bråstad
Trafostasjon
Foto: Steinar Bråstad
Viss nokon lurer på kvifor straumrekninga auka så mykje i vinter kan vi fortelle at det er for å finansiere ny trafostasjon utanfor Skorvetunnellen. Vi håpar prosjektet ikkje støyter nokon og at SFE ikkje får ein straum av klager dei må bruke energi på.

Kuslepp
Kuslepp
Ikkje så spennande bilde, men første turen ut etter 10 månader på bås er spennande både for bønder, kyr og eventuelle bilistar som skulle rote seg bort i dette. Så gjenstår det å sjå om graset er grønast på hi sida i år også.

Kuslepp
Kuslepp
(Sist oppdatert 02.juni 2011, 10:01)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel