Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå juni

Værdata frå Førde siste 30 døgn: Snittemperaturen var 12,5 grader, 0,1 grader over normalen. Høyeste temperatur var 21,7 grader (16. juni), og laveste var 3,6 grader (26. juni). Samlet nedbør var 204,6 mm. Mest nedbør på ett døgn var 33,7 mm (29. juni). Ett nedbørsdøgn er mellom kl 07 og 07. Høyeste vindhastighet var 9,8 m/s (4. juni).
Siste 12 hele måneder: Høyeste temperatur var 26,4 grader (11. jul. 2010) og laveste -19,1 grader (26. des. 2010). Mest nedbør på ett døgn var 80,3 mm (22. mar. 2011). Største snødybde var 60 cm (4. jan. 2011).

Etter å ha brukt fleire bildebrev på å klage på været er det denne månaden ikkje grunn til dette. Juni månad vil gå inn i historia som ein god månad langs Førdefjorden værmessig sett. Spesielt bøndene kan vere fornøgd med at rismarkene i bygda står sjeldan fint, vedprodusentar kan glede seg over at folk fyrer i omnen sjølv midt på sommaren, og det er ei kjent sak at lett regn på gylla dempar lukt og aukar gjødseleffekten. Nokre vil kanskje hevde at 75 mm nedbør på ei natt er i overkant, men ein kan ikkje få både i pose og sekk.

Sola har rettnok glimra med sitt fråvær. Nokre vert vel kanskje ikkje så brune og blide som dei hadde håpa på. For Anette Nordeide Grytten vart det også berre nesten. Ho har likevel også grunn til å vere nøgd med ei topp 4 plassering.

Martin Leknes sikta endå høgre (men ikkje for høgt) og vart Norgesmester i Leirdueskyting i juniorklassen. Ein kjempeprestasjon som må applauderast!

Værstatistikk © Foto: Kristen Gislefoss?
Værstatistikk
Foto: Kristen Gislefoss?
Været som var, og slik vil det bli?

Grillfest på skulen
Grillfest på skulen
Ein stor 10. klasse er klar til avgang og vert takka for innhaldsrike år av rektor.

Barnehagen
Barnehagen
Barnehagen kunne som vanleg by på glimrande allsang med stor innlevelse.

Sandvolleyballbane © Foto: Steinar Bråstad
Sandvolleyballbane
Foto: Steinar Bråstad
Den gamle sandvolleyballbana kom i konflikt med vegen til det nye vassbehandlingsanlegget på Høgda. No er ei ny under opparbeiding i tilknyting til fotballbana.

Sandvolleyball © Foto: Steinar Bråstad
Sandvolleyball
Foto: Steinar Bråstad

Jonsokafta
Jonsokafta
Ingen røyk utan eld, men i båthamna var det ikkje langt unna. Røyken hadde førøvrig ulike fargar i førsøka på å få bålet til å brenne.

Loddtrekking
Loddtrekking
Det var kombinert basar og bålbrenning i båthamna. Så vått som det vart hadde det kanskje vore meir innbringande å ha åresal, så kunne folk ha tatt seg ein tur med robåt.

Dugnad i barnehagen
Dugnad i barnehagen
Eller kanskje ein bonde som tek ut frustrasjonen over å ikkje få unnagjort slåtten i tide.

Mjølkehenting på Leknes i 1982 © Foto: Olav Leknes
Mjølkehenting på Leknes i 1982
Foto: Olav Leknes
(Sist oppdatert 03.juli 2011, 19:33)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel