Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå september.

September. Den første haustmånaden. Der kuling og regn dominerer, litt slik som resten av året. No hadde vi rettnok temperaturar rundt 20 grader eit par dagar i slutten av månaden. Såpass at nokon nesten kom i Sydenstemning. For min del gjorde eg det, kanskje ikkje så rart då eg oppheldt meg på Mallorca desse dagane.

Langs Førdefjorden gler vi oss over nylagt asfalt og fyllingsgrad i vassmagasina på 110%. Eventuelle bekymringar om vassmangel har blåst bort saman med hagemøblar som ikkje har kome i hus.

Hjortejakta er i gang. Dei som ynskjer å følgje med på utviklinga i jakta kan lese om den her.
,
Skuleåret er i gang, dei som ynskjer å følgje med på kva som skjer på skulen kan lese om det her..

Sauesankinga er ferdig, dei som ynskjer å sjå korleis det gjekk kan lese om det her.

Værdata siste 30 døger: Snittemperaturen var 11,0 gradar, 2,0 gradar over normalen. Høgste temperatur var 20,7 gradar (29. september), lågaste var 1,1 gradar (17. september). Samla nedbør var 272,5 mm. Mest nedbør på eitt døger var 36,2 mm.

Blegja © Foto: Gustav Skaar
Blegja
Foto: Gustav Skaar
Like fin som i august, også denne gongen er bildet tatt frå Leknesvatnet.

Årets siste helselagstur. © Foto: Marit Leknes Gryte
Årets siste helselagstur.
Foto: Marit Leknes Gryte
Den gjekk til Leknesstranda i fint vær!

Ytre Vågefjellet © Foto: Gustav Skaar
Ytre Vågefjellet
Foto: Gustav Skaar
Utsikt mot Vågane og Flokenes.

Morgonstemning i Løvika © Foto: Gustav Skaar
Morgonstemning i Løvika
Foto: Gustav Skaar

Meir morgonstemning! © Foto: Gustav Skaar
Meir morgonstemning!
Foto: Gustav Skaar

1966
1966
4. og 5. klasse frå Rørvik, Gjelsvik og Kvammen

(Sist oppdatert 06.oktober 2011, 15:23)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel