Ein utfordrar i kategorien ”Vestlandets verste veg” er tilfellet som dukka opp ved Ulveskaret fredag 16. oktober. Iris fann eit knyttnevestort hol i asfalten. (På størrelse med knyttneven til Trond så det var ganske stort.) Ved nærare undersøking viser det seg, ifølge arbeidsformann John-Henning Strandos i Veidekke, å vere "en liten undergraving". Holet var 1,7 meter djupt og 1 meter breidt. Med andre ord ”en liten underdrivelse”.
Ein skal vere glad ikkje større bilar køyrde seg fast i dette holet. Konklusjonen får vere at asfalten i området held god kvalitet.
Fann krater under vegen.
![]() |
Krater |
Foto: Iris B. Rysjedal |
Fredrik sjekker om jordekorna har det bra. |