Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå oktober

Værdata frå Førde siste 30 døger: Snittemperaturen var 7,2 gradar, 1,1 gradar over normalen. Høgste temperatur var 15,7 gradar (24. oktober), lågaste var -1,4 gradar (13. oktober). Samla nedbør var 393,6 mm. Mest nedbør på eitt døger var 51,0 mm (7. oktober). Største vindstyrke var 15,4 m/s (18. oktober).

Siste 12 heile månader: Høgste temperatur var 27,0 gradar (6. jul. 2011) og lågaste -19,1 gradar (26. des. 2010). Mest nedbør på eitt døger var 80,3 mm (22. mar. 2011). Største snødjupna var 60 cm (4. jan. 2011)

Værdata
Værdata

Blegja © Foto: Marit Leknes Gryte
Blegja
Foto: Marit Leknes Gryte
Like fin som i oktober. Denne gong er bildet tatt frå Leknes.

Jubel!
Jubel!
28. oktober vil gå inn i historien som ein merkedag her i bygda. Strekninga opp til butikken fekk ny asfalt, nokon vil hevde det var på høg tid, andre vil kanskje sei det er misbruk av skattepenger. Uansett går det rykte om at dette vil bli ein offentleg flaggdag på lik linje med dronning Sonja sin bursdag.

Asfalt
Asfalt
Vi får håpe den nylagte asfalten held like god kvalitet som den Fredrik står på. Det knyttnevestore holet i asfalten skjulte ei undergraving som var 1,7 meter djupt og 1 meter breidt.

SV
SV
Etter eit skuffande valg i september jaktar Kristn Halvorsen på nye samarbeidspartnarar fram mot stortingsvalget i 2013

Stri straum
Stri straum
Markavatnet gjekk over sine breidder tidleg i oktober. I vinter vert det billeg straum.

Spennande
Spennande
SFE kan friste med nye master på fjordspennet frå Rustene til Sjønakletten. I følge ein artikkel i Firda er desse mastene kostnadsrekna til 50 millionar kroner. Det kan vere at noko denne kostnaden er nytta til oppgradering av området utanfor Skorvetunnellen.

Å legge ein kabel.
Å legge ein kabel.
Hektisk helikopteraktivitet i samband med nye kraftlinjer.

Modne?
Modne?
Lite molter og blåbær å finne i år, men bjørnebæra slår aldri feil. Eller er eg heilt på bærtur?

Skuletur © Foto: Marit Leknes Gryte
Skuletur
Foto: Marit Leknes Gryte
25. oktober var Gjelsvik skule på tur til Gjelsvikstølen. Nydeleg ver, fine fargar i fin natur og glade elevar og vaksne.

Lommelykttur
Lommelykttur
Idrettsskulen har nyleg vore på lommelykt tur i haustmørket. Flott tur med grilling som høgdepunkt.

tur
tur

Småskulen i Kvammen i 66/67
Småskulen i Kvammen i 66/67
(Sist oppdatert 03.november 2011, 22:16)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel