Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå desember

På tide å komme inn i vante baner igjen. Etter ein desember månad med daglege oppdateringar sprakk eg fullstendig på oppløpssida og avslutta adventskalenderen 21. desember. ”Tek det i romjula” tenkte eg, men det skulle vi bli to om. Dagmar kom med all si kraft 1. juledag og feide alle gode intensjonar til side. Skog knakk som fyrstikker, takstein hagla og verst av alt, eg fekk ikkje sjekka facebook på grunn av straumbrot.

Sidan 1995 har norske ekstremvær fått namn. Det går alfabetisk og annankvar storm får manns- eller kvinnenamn. Berre sidan slutten av november har fire stormar gjort seg fortent til namn: Berit, Cato, Dagmar og Emil. Størst øydelegging har det sjølvsagt blitt etter Berit og Dagmar. Rikeleg med kvinneleg temperament. Meteorologisk institutt held hemmeleg kva neste ekstremvær skal heite, men fordefjorden.no kan røpe at det vert stormen Frida som skal feie over Askvoll dei neste fire åra. Så blir det spennande å sjå konsekvensane dette får.

Tradisjon tru vart vegen ved Hundsåna stengd. Etter 5 dagar med pendling om Dale vart det stilt spørsmål i Firda om Askvollingane var gløymde. Nei vi var ikkje gløymde fekk vi beskjed om. Geologane skulle berre nett sjekke nokre vegstubbar i Hornindal, Årdal, Leikanger og på Andøya. Helikopteret som skulle brukast skulle berre nett innom Stryn, montere ei monstermast i Hardanger og ta ei gruppe japanske turistar på sightseeing på Jostedalsbreen. Vi var så visst ikkje gløymde, vi vart berre ikkje prioritert!


På Gjelsvik skule har det i ei årrekkje vore dårleg vatn. Mykje vatn har runne i havet (i hovudsak vatn med dårleg kvalitet) sidan skulen for første gong fekk kokevarsel. At det i grunnen var ein dårlig idé å prøve brønnboring er klart som vatn men det spørs om ikkje dette var dråpen som fekk begeret til å renne over. Når ein tek med at straumstans i romjula gjorde til at byggjefelta på Høgda vart vasslause får ein håpe 2012 vert meir nedbørsrik enn fjoråret så ein ikkje risikerer at heile bygda må basere seg på kjøpevatn.


Siste bildet er frå søndagsskulen sin juletrefest 4. juledag. Ei triveleg stund med eit lite julespel med to femåringar som Maria og Josef, gang rundt juletreet og kaffi og kaker. Straumen forsvann då ein skulle gå rundt juletreet men det gjorde alt berre meir koseleg.
(Sist oppdatert 08.januar 2012, 08:56)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel