![]() |
Blegja |
Like fin som i november. Denne gong er bildet tatt frå Brokelia |
Som ein kan lese av værstatistikken til venstre er vi no inne i noko som ein kan kalle godværsperiode. Dette er eit fenomen som opptrer kvart 23. år og det må nytast til fulle. Finlesing av værmelding og bystestørrelsen til Eli Kari Gjengedal tilseier at denne perioden vil i vare 5 dagar til. Med andre, dropp skibussen til Langeland og ta ein tur på stranda i helga. Fram med solkrem og badeklede, grill og tennvæske, dette blir bra. Skulle du vere så uheldig å sovne under parasollen må du ta høgde for eventuell koldbrann
Førdefjorden er ein del av storsamfunnet. Difor må ein gje plass til internasjonale og nasjonale nyheiter i månadsbrevet. Innimellom republikanaranes nominasjonsvalg i USA og norsk spellemannsprisutdeling kunne ein i januar lese om denne godbiten. Det er godt Aftenposten tek tak i saker som dette. Eg kjenner eit gnagande sakn etter oppfølging i denne saka. Gnagsår er ikkje til å spøke med og Marcus Henriksen er tross alt ei viktig brikke på Rosenborg sitt reservelag.
Førdefjorden Vel har dei siste par åra utfordra kommunen til å utvide byggefeltet på Høgda. Vi meiner dette er svært viktig for vidare utvikling og auka busetjing i bygda. Sidan Norge til tider kan vere i overkant demokratisk tek gjerne slike prosessar tid. Det drog etter kvart såpass ut at vi begynte å lure på om det måtte komme snø i Sahara før dette vart gjennomført. Gledeleg nok vakna vi til denne nyheita 18. januar. Berre dagar seinare kunne ein lese i Firda at utviding av byggefeltet skal opp til politisk behandling i løpet av våren. Hipp Hurra!
Det går forøvrig rykte om at befolkninga i Algerie har sett seg lei av vegvesenet i landet si unødige salting av vegane i samband med dette snøfallet. I ein kort kommenter seier vegsjef Mohammed Muhammed: ”Når folk ikkje overheld piggdekkpåbodet er det klart vi må salte. Det er ikkje så lett å finne strøsand”
Etter å ha fått lys i båthamna og fått starta opp arbeidet med bustadane til Stiftinga Høgdatun skulle ein tru Steinar Bråstad ville kvile litt på laurbæra. Men nei, på NRK sine nettsider kan ein lese at ”Steinar rasa rett ned i vegbana” Vi får tru det enda godt!
![]() |
Lys i båthamna |
Foto: Steinar Bråstad |
No er det kome vatn og straum i båthamna. Dette vert eit flott område. |
![]() |
Stiftinga Høgdatun |
Foto: Steinar Bråstad |
Endeleg er arbeidet med bustadane til Stiftinga Høgdatun i gang. Dette er ein type utleigebustader vi har mangla i bygda. |
![]() |
Idrettsskulen |
Ski, aking og grilling på fotballbana på Høgda |
![]() |
Gjelsvik skule 1984 |
Foto: Olav Leknes |