 |
Blegja |
Foto: Gustav Skår |
Like fin som i februar. Denne gongen er bildet tatt frå Leknesvatnet. |
Værdata frå Tefre målestasjon i Førde
Gjennomsnittstemperatur 3,7°, mot normalt 1°
Samla nedbør 308 mm, mot normalt 172 mm.
Nettutgåva til Firda har kvar dag ei uhøgtidleg avstemning som gjenspeglar nyheitsbildet på ein lettbeint måte. Det kan være spørsmål som ”Trur du vinteren er over” eller ”Er det for mange Handelshus i Førde”. Her skal ein etter beste evne svare ja eller nei.
21. mars hadde Firda fylgjande spørsmål. ”Har du planar om å pusse opp huset i år?” Ein kunne også denne dagen velje mellom ja og nei. Men kvar vart det av alternativet ”Nei, men kona har store planer”? Det ville garantert fått flest stemmer.
Meir frå Firda. Magnus Skildheim har i ei årrekkje vore brukt som værprofet i lokale media der han frå tid til annan kjem med ei værprognose 2-3 månader fram i tid. Han tek for seg merkedagar og høgtider som påske, 17. mai, felleferien og liknande. Basert på månefasar, fuglesang og hårsveis kjem han med ein uryddig spådom. No har ikkje Skildheim alltid stått fram som nokon Nostradamus.
Den 3. mars spådde han at været den første delen av påska skulle bli bra. No er vi ikkje så godt vande men eg håpar ikkje kuling med snødrev er definisjonen på godvær.
Elles så går vi inn i påskehøgtida. Ein får håpe dette vert ei fin og roleg tid for alle. Hugs Førdefjorddagen på påskeaftan. Vi byr ikkje på store sprell, men det vert forhåpentlegvis ein triveleg og sosial dag. Skildheim har trua med ruskevær siste del av påska, det ser eg som eit godt teikn!
 |
Kurstid |
Stongfjorden Bondelag har denne vintreren arrangert kurs i kvigeoppdrett. Godt oppmøte både frå Kvammen og Stongfjorden. Her er vi på fjøsbesøk i samdrifta til Harald og Kjellbjørn. |
 |
Stiftinga Høgdatun |
Foto: Steinar Bråstad |
Arbeidet går vidare med bustadene til Stiftinga Høgdatun. Dette vert flotte bustader. Dei som ynskjer å støtte dette tiltaket kan nytte kontonr. 3740.14.01920. Beløp er valfritt. |
 |
Stiftinga Høgdatun |
Foto: Steinar Bråstad |
 |
Storkjøkken i Allaktivitetshuset |
Foto: Steinar Bråstad |
Så var dei i gang igjen, gjengen på Allaktivitetshuset. Denne gongen er det kjøkkenet som skal gjerast ferdig. Full fart, korte tidsfristar og stort engasjement må til når ein skal prøve å verte ferdig før sommaren. |
 |
Klar til støyping. |
Foto: Steinar Bråstad |
 |
Ferdig støypt... |
Foto: Steinar Bråstad |
...men ingen grunn til å ligga bakpå medan plata herdar. Imellomtida er det full fart med tak og vegger. |
 |
Tursesongen er i gang! |
Nordre Askvoll Helselag legg ned ein kjempeinnsats med eit variert turprogram i sommarsesongen. Tysdag 27. mars gjekk første turen frå Brekka til Åsaholten. Godt oppmøte og god spreiing i alderssamansetninga. |
 |
Helselagstur |
Aslaug, Liv og Anna hadde med vaflar som vi åt når vi kom fram. Populært! |
 |
Kvammen Songlag i 1986 |
Foto: Olav leknes |