Førdefjorden Vel

Nyhende

17. mai avis 2012

Kjære sambygdingar - til lukke med dagen!

Ei 17. mai avis er alvorlege saker, sjølv om mykje av det som står der tull og tøys. Her skal ein med eit skrått blikk reflektere over kva som har skjedd i bygda det siste året. Blar ein tilbake i eldre utgåver av avisa ser ein at det som har oppteke oss dei siste 10 åra er det same som har engasjert oss sidan førre nasjonaldag. I korte trekk er dette vær, gruvedrift og vasskvaliteten på skulen.

Først litt om været. Mai månad er den siste av vårmånadene. Ein månad der nytt liv verkeleg skyt fart. Der sauer beiter og lam leikar på irrgrøne bøar. Bonden kvesser knivane på forhaustaren og murrar forsiktig over landbruksoppgjeret. Dei tøffaste av oss tek årets første bad mens dei meir forsiktige av oss ligg i solstolen og myser vekselvis på solnedgangen og indrefileten på grillen. Slik ser eg føre meg mai månad, i mitt stille sinn.

I staden må eg kjempe mot både gråt og naturkrefter. Snøvær , storm og såpass med regn at det omtrent ikkje luktar gylle i bygda. Kva er poenget med å vere bonde då?

Når det gjeld bergverksdrift på Engebø og vasskvalitet på skulen er det meste som før. Engebøfjellet står nokolunde der det har stått dei siste tiåra. Høge prisar på rutil på verdsmarknaden sende aksjekursen til Nordic Mining til himmels. Faktisk raga den jamhøgt med sjølve fjellet ein periode før KLIF kravde vidare utgreiningar og kursen stupte mot fjordbotnen. Litt avhengig av kva instans ein vel og høyre på og korleis denne meiner straumforholda i Førdefjorden er, kan ein fort oppleve at verdien på Nordic Mining-aksjar vert liggande der nede, 300 meter under havoverflata.

På skulen går Olden-vatnet ned på høgkant. Borevatnet som kosta Askvoll kommune like mykje som Vik kommune gambla vekk i Terraskandalen held ein slik kvalitet at det er kun brukande til følgjande:
- Skylle ned i do.
- Som sprøytemiddel
- Som asfalt på Hegrenesvegen

Det er Mattilsynet som har sett foten ned. På Mattilsynet sine nettsider kan lese at oppgåva deira mellom anna er å lage regelverk og føre tilsyn med at desse reglane vert overhelde. Sagt med andre ord: Kvifor bruke fornuft når du kan bruke ein forskrift.

No skal ikkje eg argumentere mot tilsynet når det gjeld vasskvaliteten på skulen. Derimot har dei fått rikeleg med spalteplass i høve ein okse som rømde frå slaktebilen i Myklebustdalen. Denne måtte naudslaktast og kjøtet vart kassert fordi oksen var for frisk. Bøndene ville ha attende kjøtet men vart møtt med kjeppar i hjulet og skjær i sjøen. Sidan oksen alt hadde vore innom slakteriet viste Mattilsynet seg å vere like stivbeint som ei gammal ku og nekta bøndene kjøtet. Tankekorset oppi det heile er at ein truleg hadde kome reglane i møte ved å skadeskyte dyret.

Påskeaftan vart Førdefjorddagen arrangert for tredje gong. Her er målet å vise fram bygda vår på ein forlokkande og representativ måte, i grisgrendt strøk sjølvsagt ved hjelp av grisebingo. Folk gjekk mann av huse for å sikre seg ruta der ein trudde grisen ville gjere sitt fornødne.

Det var tilløp til nevekamp om dei mest attraktive områda, men bondelaget, som stod for denne delen av arrangementet, er godt vande som streikevakter og roa det heile på ein fin måte. Mattilsynet var ikkje informert om stuntet og ei stund trur eg ikkje grisen var heilt klar over oppgåva si heller, for han let seg ikkje stresse sjølv om 100 skodelystne heia han fram . Ein liten time på overtid leverte han varene, elegant og effektivt. Gleda var stor hos ein 4 og ein 7 åring frå Førde som kunne innkassere 500 kroner med eit hint av griselukt på.

Årets Førdefjording vart også kåra. Steinar Bråstad fekk utmerkinga, som den første i rekkja. Til neste år vert det ny kåring der ein som har ruska på litt ekstra, snudd opp ned på ting og teke tak der ingen andre har engasjert seg kan smykke seg med denne tittelen. Vi har mange verdige kandidatar, men det vert vanskeleg å kome utanom Dagmar ved neste høve.

I det vi tørka vekk ribbefeitt rundt kjakane på 1. juledag og gjorde oss klar for ei ny runde med moltekrem, feia Dagmar over oss. Som ein uboden julegjest tok ho med seg taksteinar, naust, plantefelt og straum. Det einaste ho la att var ei blanding av jord, tre og stein ved Hundsåna, dette kunne vi klart oss utan. Folk sit nok med følelsen desse dagane at vegen til Førde har vore stengt sidan 1. juledag. Dette er ikkje så langt unna sanninga, men det er ingen problem ifølge Statens Vegvesen som anbefalar omkøyring om Dale. Sidan ferja over Dalsfjorden går sjeldnare enn det rasar inn med Hundsåna vel folk flest nokre timar i kø på eine eller andre sida av ryddinga som føregår i fjellsida desse dagane.

Statens Vegvesen har endå meir lunefullt temperament enn Dagmar og praktiserer annonserte opningstidene fullstendig etter eige forgodtbefinnande. Og med det har bygda fått ein flott treffstad. Med handa på hjartet, kor tid var det sist du tok deg tid til ein skikkeleg prat med naboen? Her driv vi og seier god natt til kvarandre på facebook og plutseleg har vi fått ein sosial arena bygda ikkje har hatt sidan dampen la til kai i Kvama for eit halvt århundre sidan. Her har vi god tid til å både løyse og lage verdensproblem. Det einaste vi manglar er kaffi og kaker, men mattilsynet ville nok nekta eit slik tiltak.

Med rundt 1000 brød i frysarane etter massiv hamstring burde styret i Stongfjorden Bondelag nytta høvet til å spe ei elles slunken bondeinntekt. Men som elles i livet nøyer bonden seg med smular. Ved Ulveskaret står det ein tilhengar godt utanfor vegen med parolen ” Skal resten av landbruket i grøfta også?” Dette er ein reaksjon på staten sitt skambod til bøndene på 900 millionar kroner. Sidan andre yrkesgrupper gjerne er tilbydt eit tillegg på 3-4 kroner timen reagerer kanskje nokon på at bøndene er tilbydt ein liten milliard. Eg kan opplyse om at dette ikkje er timeløn og at det gjeld heile bondenæringa. Nokon spør seg kanskje kva ein skal med desse bøndene. Pengane går berre til større traktorar og meir ugras. Då må ein hugse på ringverknadane og verdiskapinga bondenæringa fører til. Utan bønder – ingen Mattilsyn. Og utan mattilsynet hadde det blitt ei tynn 17. mai avis i år.

God sommar!
(Sist oppdatert 17.mai 2012, 19:31)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel