Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå mai

Blegja
Blegja
Like fin som i april. Denne gong er bildet tatt ved kapellet.

Været som var.Mai månad er streiketid. Mellom anna er 106 statsmeteorologar teke ut i streik med dei følgjene dette måtte ha. Det er ein ting som overraskar ved denne artikkelen. 106 meteorologar ut i streik og enno er det fleire att på jobb, kor mange fins det eigentleg? Så lite presis værmeldinga har vore siste åra er vel dette eit døme på ordtaket ”Dess fleire kokkar, dess meir søl”.

Vi kan opplyse om at heile familien Gislefoss, 38 i talet, streikar. Så no har dei god tid til å sitte rundt middagsbordet å diskutere været. Med stor innleving og glimt i auga.

Som bonde registrerer eg at i takt med streiken har vi no gått snart 40 dagar og 40 netter utan regn. Jorda er tørrare enn ordspela mine og ikkje ein gong ugraset ser ut til å trivast under så uvanlege forhold.

Vi får likevel nyte godværet så lenge vi har det sjølv om nordakuling og nattefrost gjerne kunne gått ut i streik også.

Rundt 17. mai høyrer ein vanlegvis gauken for første gong. Og då meiner eg gauken i eintal. Er det nokon som har høyrt fleire gaukar samtidig? Den har ein stemme som berer langt men eg har til gode å høyre den få svar nokon gong. Er det verkeleg sånn at i kvart område fins det berre ein gauk eller er det eg som er heilt koko?

Mykje flotte bilder frå faste bidragsytarar denne månaden. Hald fram med dette!

Folketoget gjekk frå skulen til Minnesteinen til professor Gjelsvik
Folketoget gjekk frå skulen til Minnesteinen til professor Gjelsvik
Her heldt Anne Marie Mandelid appell og skulen og barnehagen var forsongarar på allsongen.

Ved minnesteinen © Foto: Liv Selvik Hawkes
Ved minnesteinen
Foto: Liv Selvik Hawkes

17. mai har mange høgdepunkt © Foto: Liv Selvik Hawkes
17. mai har mange høgdepunkt
Foto: Liv Selvik Hawkes
Mellom anna is...

...litt springing... © Foto: Liv Selvik Hawkes
...litt springing...
Foto: Liv Selvik Hawkes

...og til slutt meir is. © Foto: Liv Selvik Hawkes
...og til slutt meir is.
Foto: Liv Selvik Hawkes

Fotballkamp
Fotballkamp
Tradisjon tru er eit av høgdepunkta på 17. mai fotballkampen mellom russen og foreldra. Foreldra tok dette svært alvorleg...

Fotballkamp
Fotballkamp
...medan russen spelte på det sikre.

Folkefesten © Foto: Liv Selvik Hawkes
Folkefesten
Foto: Liv Selvik Hawkes
Folkefesten vart opna med flott korsong frå Fjorddur.

Dans © Foto: Liv Selvik Hawkes
Dans
Foto: Liv Selvik Hawkes

Stomp © Foto: Liv Selvik Hawkes
Stomp
Foto: Liv Selvik Hawkes

Russetalen © Foto: Liv Selvik Hawkes
Russetalen
Foto: Liv Selvik Hawkes

Båthamna © Foto: Steinar Bråstad
Båthamna
Foto: Steinar Bråstad

Båthamna © Foto: Steinar Bråstad
Båthamna
Foto: Steinar Bråstad

Storkjøkken © Foto: Steinar Bråstad
Storkjøkken
Foto: Steinar Bråstad

Rørvika © Foto: Gustav Skår
Rørvika
Foto: Gustav Skår

Ovanpå © Foto: Gustav Skaar
Ovanpå
Foto: Gustav Skaar
Løvika og Åsen, med Kvammen i bakgrunnen.

På veg til Blegja © Foto: Gustav Skaar
På veg til Blegja
Foto: Gustav Skaar

Opptur! © Foto: Gustav Skaar
Opptur!
Foto: Gustav Skaar

Helselagsturar
Helselagsturar
Helselaget arrangerer mange flotte turar. Her eit bilde frå turen frå Oslandsbotnen til Holmedal.

Tur til Hestvikvatnet © Foto: Edle Skjærlid
Tur til Hestvikvatnet
Foto: Edle Skjærlid

Matpause
Matpause
Dei fleste gjekk heilt fram til Hestvikvatnet medan dei yngste tok ei lang matpause ved Hestvikstølen.
(Sist oppdatert 08.juni 2012, 13:03)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel