![]() |
Blegja |
Foto: Kristen Hawkes |
Like fin som i juli. Denne gong er bildet tatt frå Høgefjellet. |
![]() |
Været som var |
Gjennomsnittstemperatur 14,3° mot normalt 13,3°.
Samla nedbør 134 mm mot normalt 145 mm.
Askvoll er ein flott kommune! Mange sterke lokale sentrum med ulike kvalitetar. Sjølvsagt er dei vakraste områda langs Førdefjorden. Her har vi det meste, bortsett frå kommunalt byggefelt. Sjølve Askvoll sentrum har fått ei ansiktsløfting siste åra og framstår som innbydande og kome til, både frå landvegen og sjøvegen. Med Vinmonopol på plass er puslespelet no komplett. Eg må innrømme at eg har nokre hol i lokalkunnskapen når det gjeld delar kommunen. Særprega, sjarmerande og med eit brennande engasjement for eige lokalområde, dette er ikkje ein beskriving av Liv Signe Navarseter men av dei ulike bygdene i kommunen.
Det seier seg sjølv at vi ikkje alltid kan dra i same retning. Ikkje alle langs Førdefjorden ser den heilt store nytten i Dalsfjordbrua, sjølv om vi får kortare veg til fotballturnering i Hyllestad. Men for å knyte saman kystkommunane i Sunnfjord er den viktig, og det er heilt greitt at den vert bygd!
På same måte det langt mellom kvar Atløyning som lovprisar kommunen sine investerte midlar i borevatn på Gjelsvik skule. Når eg tenker med er det i det store og heile svært få som ser glede og nytte i akkurat dette. Men vatn må ein ha og vi får håpe Mattilsynet godkjenner leskedrikken snart.
Det eg prøver og sei er at i enkelte saker må ein arbeide for det som gagnar ein best lokalt, og i andre saker må ein dra lasset saman for å få gjennomført noko gagnar heile kommunen. Ein fellesnemnar i alt dette er eldsjeler utanom det vanlege som investerer tid og pengar i noko som løftar Askvoll kommune opp på eit høgare nivå. Dei siste åra har det kome tilbod som er litt utanom det vanlege i kommunen. Tilbod som gjer eventuelt sakn av storby litt mindre og som er såpass eksklusivt at vi føler vi har noko eige som ikkje andre har.
Først Askvoll Sjømat og Delikatesser. I ein gamal landhandel på gamlekaia i Askvoll held ei delikatesseforretning hus. I 2010 kom tre fagutdanna kokkar frå Oslo for å tilby Askvoll mat litt utanom det vanlege. To av dei har røter frå bygda, såleis var det eit snev av logikk i valet.
Dei har gjeve den gamle landhandelen ei solid ansiktsløfting og Askvoll sjømat & delikatesser framstår i dag som ei innbydande delikatesseforretning med god og spennande mat både til kvardags og fest. Med ei god blanding av bakevarer, fersk fisk, kortreist mat, utanlandske klassikarar og ei serviceinnstilt betjening kjem ein som regel ut av butikken med litt meir enn det ein var tenkt å handle. Dette er eit tilbod vi stolt kan vise fram til tilreisande og som vi sjølv kan ha glede av til ein kvar tid.
Hønsehagen vinkjeller. I Stongfjorden har Einar Alsaker og Synne Lindgren Alsaker bygd opp eit konsept som utfordrar og gleder både gane og øyre. I lokale innreia i god middelalderstil tilbyr dei intimkonsertar mellom anna med store norske artistar. Med 4 bord, 36 sitteplassar og ei lita scene der det knapt nok er plass til Bjørn Eidsvåg er dette ei spesiell oppleving både for publikum og artistar. Middelalderen er gjennomgangstone både når det gjeld mat, interiør og bekledning. Sjølv toalettet er ein attraksjon vel verdt eit besøk. Det er imponerande å sjå kva artistar dei har lokka til Hønsehagen. Amerikanske Larkin Poe har vore der tre gongar siste året og dei har spelt inn både musikkvideo frå området og live-DVDfrå vinkjellaren.
Til slutt må eg ta med sjølve høgdepunktet i denne månaden. Meir spennande enn både skulestart og Premier Leauge er Dyrehovden opp som gjekk av stabelen 28. august. Ei stund såg det ut til at værgudane skulle stikke av med førsteplassen, men regnværet letta såpass fram mot starttidspunktet at nokre få ivrige trimmarar møtte opp. Likevel alt for romsleg på startstreken! Fjorårsvinnar Andreas Haug la av garde i eit slikt tempo at han trua med å slette både løyperekord og eventuelle konkurrentar som prøvde å holde følgje. Til tross for at det var svært vått i terrenget vart han klokka inn til ny løyperekord, 9, 26 minutt. Svært bra! det er berre å legge seg i trening, det skal eg gjere.
![]() |
Prowess |
Foto: Steinar Bråstad |
Spikerbåten lurer på om det er ledig båtplass. |
![]() |
Frå Eitrenipa... |
...der Stephen og Kristen vurdere kva som er beste alternativet for Kystvegen å krysse Førdefjorden. |
![]() |
Dugnad |
Foto: Steinar Bråstad |
Bånn spiker på Allhuset |
![]() |
Kjøkkenet på Allhuset |
Foto: Steinar Bråstad |
Status for kjøkkenet rundt månadsskiftet. Dette er fleire dagar sidan, så Steinar og Trond har sikkert kome mykje lenger sidan dei jobbar både dag og natt, kvardag og helg. Applaus! |
![]() |
Solnedgang |
Solnedgang i august ser bra ut. |
![]() |
Sol |
Og den går stort sett ned kvar kveld også. |
![]() |
Fotballturnering |
Foto: Øyvind Selvik |
6, 7 og 8 åringar frå Kvammen på fotballturnering i Hyllestad der dei vann fleire kampar enn dei tapte. Bra! Bildet er lite fordi det er miniputtfotball |
![]() |
Skulestart |
Framtida er så lys at dei skulle hatt solbriller. Her er 5/6 av 1. klassingane, kor mange prosent dette er vil dei finne ut etterkvart. |