Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå oktober.

Blegja © Foto: Monica Stubhaug
Blegja
Foto: Monica Stubhaug
Like fin som i september. Denne gong er bildet teke frå Kvammen, ein kveld med nordlys.

Været som var
Været som var
Værdata frå Tefre målestasjon i Førde.
Gjennomsnittstemperatur 4,2° mot normalt 6,5°.
Samla nedbør 131 mm mot normalt 255 mm.

Dei siste bildebreva har vorte brukt som propaganda for bygda. Turmuligheiter, kvalitetar i kommunen og dugnadsbaserte fellesgode vert likevel spede forsøk samanlikna med kva Stongfjord Vekst arbeider med desse dagane der Roy Sævik har teke turen til Island for å rekruttere nye Askvollingarar. Det står respekt av det arbeidet Roy gjer. Med eineståande entusiasme og stor kontaktflate når han ut til svært mange og får presentert kommunen, i første rekke Stongfjorden, på ein god måte. At han på sikt kan gjere dette til eit levebrød vil gagne oss alle.

Likevel har eg tru på at ein ved nokre få ord kan minne folk flest på kva kvalitetar vi har i bygda. At det slett ikkje er så verst å bu blant fjord og fjell, 45 minutt unna flyplass og ein halvtime unna ekspressbåten til Bergen.

Som førstegangsforelder til ein skuleelev har eg fått ein aha-oppleving om kva som eigentleg føregår etter skule og arbeidstid:

- Måndag, idrettsskule kl. 18. Dugnadsbasert tilbod for born i barneskulen, ferdig akkurat tidsnok til at kona kan reise på Zumba i Flokeneset kl 19. Håpar ho er heime til åttetida for då skal eg på allhuset og trene med kompisar.

- Tysdag, slepp å plukka ungar opp frå SFO for dansen startar kl 16. Håpar vi rekk å gjere norskleksa før eg tek fjøsstellet og går på Helselagstur kl 19. Heldigvis er steppen til Anne Marie kl 20 for damer, så den står eg over.

- Onsdag. Vanskeleg dag. Begynner lett med onsdagstreffen i allhuset kl 14. Ope for alle, hugs serviceskyssen. Vidare startar fotballtreninga til Fridtjof og Harald klokka 18, samtidig som bygdekinoen i Flokeneset. Håper det går ein kortfilm for Helselaget skal jo på tur igjen kl 19.

- Torsdag. No er det verkeleg tøffe tak. Kulturskule, Zumba og Volleyballtrening samidig. Vurderer å slakte kyrne for dei passar ikkje inn.

- Fredag. Pannekaker til middag så eg er ute av stand til å gjere noko. Trur ikkje det skjer så mykje. Nokre leirduer skal avlivast og sikkert dugnad på Allhuset, det får berre være.

- Laurdag. Friskt mot med kaker og kaffi på laurdagskafè på allhuset. Kjøper taco til kveldsmaten og leverer lottorekke hos Stubhaug & Co. Håper å vinne over 200 millionar for då skal eg gje litt tilbake til bygda, kanskje bru over Ålesundet?

- Søndag. Søndagsskule kl 11. Elles tid til å puste ut før ei ny veke med aktivitetar startar.

Dette er sett på spissen, men har likevel mykje alvor i seg. Kva er det vi manglar? Det må i tilfelle vere at alle desse aktivitetane var organisert i regi av kommunen. Men eg vil påstå at ein av kvalitetane å bu langs Førdefjorden er at vi må vere med på å dra i gang ting som interesserer oss. Vil vi at noko skal skje må vi gjerne organisere det sjølv. Er det mange nok med den innstillinga vert den samla arbeidsmengda på kvar enkelt absolutt til å leve med.


Fjellheimen
Fjellheimen "vår"
Foto: Gustav Skaar
Leknesvatna med omkringliggande fjell. Flott natur!

Haustfest i 4H © Foto: Steinar Bråstad
Haustfest i 4H
Foto: Steinar Bråstad

Haustfest © Foto: Steinar Bråstad
Haustfest
Foto: Steinar Bråstad

Stiftinga Høgdatun © Foto: Steinar Bråstad
Stiftinga Høgdatun
Foto: Steinar Bråstad
Noko av det meir spennande som skjer i bygda desse dagane er reising av utleigebustadane til Stiftinga Høgdatun. Etter to tiår med planlegging og laurdagskafèar har stiftinga teke sats og starta byggeprosessen, og det ser unekteleg bra ut!

Stiftinga Høgdatun © Foto: Steinar Bråstad
Stiftinga Høgdatun
Foto: Steinar Bråstad
Bilde av det nye byggefeltet til kommunen. Vent litt....der skjer det jo ingenting. Godt å sjå aktivitet på Høgdatun.

Stiftinga Høgdatun © Foto: Steinar Bråstad
Stiftinga Høgdatun
Foto: Steinar Bråstad
Status ved inngangen til november: Takstolar på plass og Blegja like fin som alltid.

Sauesanking
Sauesanking
Den bortkomne sauen på veg heim etter å ha stått i skorfeste.

Basar © Foto: Steinar Bråstad
Basar
Foto: Steinar Bråstad
Når lauvet gulnar på trea vaknar spelegalskapen hos folk flest. Ingenting er som å satse ein hundrelapp eller to i håp om å dra i land hovudgevinsten på ein basar. Og skulle ikkje ein vinne er det heilt greitt. Pengane går jo trass alt til ei god sak, trur eg.

Kakelotteri? © Foto: Steinar Bråstad
Kakelotteri?
Foto: Steinar Bråstad
For å kompensere for eventuell nedtur på gevinstfronten er det alltid god mat på basar. Å ete kake klarer alle, det er jo faktisk "a piece of cake"!

Reflekstur
Reflekstur
Idrettsskulen har oppstart etter haustferien, med godt oppmøte. Her er eit bilde frå turen til Øyralia der 50 refleksvestar var med.
(Sist oppdatert 03.november 2012, 14:22)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel