Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå desember

Blegja © Foto: Gustav Skaar
Blegja
Foto: Gustav Skaar
Like fin som alltid, denne gong er bildet teke frå oppstiginga til Stordalsfjellet

Nyttårsaftan er tid for oppsummering av det gamle året, og for å sjå framover i det nye. Her følgjer Kongen, Statsministeren og Ordføraren sine tilbakeblikk på rekke å rad. I tillegg har eg teke med Statsminister Einar Gerhardsen sin nyttårstale til det norske folk i 1946, berre for at vi skal ta inn over oss kva utfordringar vi hadde den gong samanlikna med i dag.

Kong Harald sin nyttårstale

Statsminister Stoltenberg sin nyttårstale

Orførar Frida Melvær sitt tilbakeblikk på 2012

Statsminister Einar Gerhardsen sin nyttårstale i 1946

For å understreke Gerhardsen sine poeng tek eg med denne knallharde nyheten midt i julestria.

Sidan ein først er inne på temaet skal eg prøve meg på ei oppsummering sjølv. Dette for anerkjenne dei som legg ned litt for mykje frivillig arbeid til beste for resten av bygda og for å gje folk nokon tips om kven som bør bli nominert til Årets Førdefjording dette året.

Eg syns vi er ei bygd i utvikling. Store prosjekt vert påbegynt og realisert og fleire er under planlegging. I løpet det siste året har vi fått nytt storkjøkken på Allaktivitetshuset, badeplassen ved Øyravatnet er nær ferdigstilling, og Stiftinga Høgdatun bygg utleigebustader etter 25 år med kronerulling. Bak desse prosjekta ligg ukueleg optimisme og ynskje om å gjere noko til beste for bygda.

Med føresetnad om tildeling av spelemidlar er utviding av leirduebana og kunstgras på ballbana på skulen rett rundt hjørnet. Nokon ville kanskje heller hatt kunstgras på leirduebana og utviding av fotballbana, nokon vil til og med ha badebasseng i Bulandet… Det som er sikkert er at desse tiltaka vil verte godt motteke og mykje brukt. Det er berre å tippe så det svir, så Norsk Tipping får overskot nok til å dele ut til gode tiltak.

Ein må heller ikkje gløyme dei som driftar andre aktivitetar. Dei har gjerne drive med dette i såpass mange år at ein etter kvart har begynt å ta dei for sjølvsagte:

- Laurdagskafè
- Onsdagskafè
- Strikkekafè
- Jonasklubb
- Søndagsskule
- Idrettsskule
- Fotballtrening
- Volleyballtrening
- Zumba
- Stepp
- Helselagsturar
- 4H
- Og sikkert mange fleire!

Bak alt dette finn ein eldsjeler som det er verdt å gje litt ekstra merksemd. Eldsjeler som fortener å få prisen som Årets Førdefjording 2013. Ein kan ikkje ta alle på eit år, men eg håpar at ein i løpet av ein 30 års periode kan ha få gjort stas på dei fleste.

Har du forslag til kven som bør bli Årets Førdefjording send dette til tormselv@online.no innan 1. mars. Grunngje forslaget, så tek styret i Førdefjorden Vel den endelege avgjerda.


Været som var
Været som var

Høgdatun © Foto: Steinar Bråstad
Høgdatun
Foto: Steinar Bråstad
Status ved inngangen til eit nytt år.
(Sist oppdatert 08.januar 2013, 13:04)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel