Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå Februar

Blegja
Blegja
Denne gong er bildet tatt frå Bjørndalen.

Værdata frå Tefre målestasjon i Førde.
Gjennomsnittstemperatur -3,6° mot normalt -2,5°.
Samla nedbør 98 mm mot normalt 150 mm.

Hest er best som pølse, men det er slett ikkje verst i lasange. Eller i kebab og kjøttbollar for den del. Og viss det verkeleg røyner på går det greitt i hamburgar, kjøttpudding og kjøttkaker også. Faktisk var hestekjøt såpass i vinden i februar at det ein periode dominerte nyheitsbildet fullstendig. Andre meir uvesentlige hendingar som meteorittregn i Russland, val i Italia og borgarkrig i Syria måtte pent vike spalteplass, og journalistar vrinska i fryd mens dei trava vidare i jakta på hestekjøt.

Men når Tone Damli og Aksel Hennie mista tonen vart hestekjøtet gløymt, som ein gammal travar innerst i stallen. Helse Førde har behandla 1800 brotskader denne vinteren, men ingen av desse kjem opp mot dette eine brotet som rysta heile nasjonen. Media tok ansvar, som den fjerde statsmakt, og sette dagsorden. Her skulle det norske folk få vite alt av detaljar som vi ikkje ein gong visste vi ville vite. Alt frå treningsvanar til håravfall, buksestørrelse til fotsvette. For ikkje å snakke om det faktum at Aksel ikkje lenger følgjer Tone på Twitter.

Gleder meg til i sommar. Då er nyheitsbildet prega av rekordregn og billige sydenturar. Aksel og Tone har truleg funne tilbake til kvarandre, der dei sit på Theatercafeen og et hestepølse.

Nyheitsbildet på denne nettstaden er prega av tilbakeblikk i gamle 17. mai aviser. Denne gong frå 1983.






























(Sist oppdatert 10.mars 2013, 16:35)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel