Førdefjorden Vel

Nyhende

17. mai avisa 2013

God sommar!

Slik slutta forrige 17. mai avis. Og slik begynner årets avis.
De som var tilstades i fjor husker dette så inderlig godt. De som ikkje var her har nok blitt det fortalt. Det har gått eit år sidan sist, folkens. Men alt er som før. Det raser litt fra Hundsåna fra tid til anna. Det drypp litt vatten i krana på skulen fra tid til anna. Nordic Mining sine planer dukker opp fra tid til anna. Alt var ikkje bedre før. Før var alt som det er no. Tilsynelatandes...

Men løfter ein blikket bort fra skråningen ved Hundsåna, blandebatteriet ved skulen eller fra Engebøfjellet på andre sida av fjorden kan ein fort bli overraska.
Nylig fikk ordføraren sitt etterlengta ordførerkjede, laga av elever ved denne skulen. Kjede var prega av mange symbol som kjennetegner kommunen. Alden, en krabbe, blåstjerne. Men vi lurer bittelitt på om det hadde blitt en permanent løysing på vassproblema ved skulden dersom det i kjedet også var med en bitteliten oldenflaske av tinn. Så kunne Frida sutte litt på denne kvar gong ho vart litt tyst. Noko lignande skjedde i england for mange år sidan. Ordføraren i den kommunen var til slutt Statsminister i England og all suttinga på ordførerkjede førte til at denne kvinna fikk kallenavnet "Jernkvinna".

Eg trur vi kan seie at Dalsfjord brua er komen for å bli. Brutårna er for lengst på plass, og bygginga av spennet er i full gang. Dette har vi fått med oss her nord i kommunen. Slik vi har forstått det skal det gå ein tunnell vidare nordover gjennom fjellet frå Eikenes, med gjennomslag innanfor Markavatnet. Der er vegen vidare allereie ferdig, ein brei og fin autostrada. Manglar berre litt asfalt og gul midstripe oppe i Skorvemarka så ligg alternativa for kryssing av Førdefjorden tett i tett langs med fjorden. Lengst inne har vi Ålesundet der draumen om fjordkryssing har levd lenge, men som framleis er ein draum. I mellomtida har den første parsellen av kystvegen kommet hit, like ved skulen, med fjordkryssing over til Holmesundet. Befolkningsvekst på Hegreneset tvinger fram denne løysinga.

For sikkerhets skuld er det også laga ein ny veg ute ved Flokeneskrysset, i tilfelle politikarane vil ha fjordkryssing lenger ute. Så her i bygda er vi i alle fall klar, uansett kva trasse ein landar på til slutt.
Ellers har det kome mobildekning i Skorvemarka. Så der oppe har dei ikkje tid til å ta i bruk den nye vegen enno. Dei er framleis opptekne med å ta i mot og lese alle tekstemedlingane som er sendt dei siste 10 åra og som ikkje er komne fram før no. Mobildekninga der er no like god som i Oslo og Los Angeles. Med ny veg, suveren mobildekning er det vel et spørsmål om tid før det kryr av svensker der oppe. Rapporter om svenker på Høgda og Hegreneset styrker oss i trua på dette. Så blir det sushibar og IKEA. Det er vel snart det einaste vi treng her i bygda. Vi kan jo fjerne fotballtrening, volleyballtrening, bygdekino, idrettsskule, yoga, zumba, skyting, kafê, onsdagskafê, pub, telehiv og hoi. osv osv fra ønskelista. For ikkje å snakke om treningsrommet på høgda med pumping av jern, tredemølle og kanskje bittelitt doping, slik som i Oslo og Los Angeles.

For tredve år sidan stod det å lese i 17 mai avisa:
«På det kulturelle området har ungsdomslag, songlag og 4H fungert. Heldig har det ikkje vore popband med moderne musikk som rok og pop og jass mm som ikkje alltid lyder så pent.»
Dette har no endra seg. Det kryr av folk som speler pop og rock. Og det lyder til og med riktig så pent, eller kanskje tøft er eit meir passande ord. Vi har/får sett bevis for dette på scena her i dag. Og kanskje er det til og med slik at det ikkje alltid låter så pent. Men med musikk kan ein formidle ting som det kan være vanskelig å sette ord på. Ein kan fortelje med gitaren at du er forelska i nokon - det låter sikkert pent. Du kan fortelle nokon at du ønsker at dei tar eit strikkhopp og bytter ut strikken med en pianostreng. Det låter neppe så pent. Uansett så er det eit faktum at om ein sang eller melodi treffer deg - så blir du ikkje skada. Skulle ønske vi kunne seie det samme om steinsprang ved Hundsåna.

Arbeidsplasser har vi og. 1 % stilling som brannsjef var nylig utlyst. Så har man all mulig fritid til å drive med alt anna bygda har å tilby.
I stillingsannonsen stod det blandt anna: "Søkaren skal bu, heile året, helst ikkje meir enn 3 kilometer frå depotet. Skal alltid bere med seg mobiltelefon, ha førar kort for vanleg bil med tilhengar, vere i normal god fysisk form, ha gode samarbeidsevne" Kunne dei ikkje like god skrevet navnet på den eine som oppfyller desse krava?

Været er også verdt å nevne. Det kjem og går no som før. Ikkje alle bryr seg om det. For andre er været et være eller ikkje å være. For nokon kunne det ikkje vore bedre. Dei ynskjer at været skal være slik det har vore og at det blir værende. Iallefall ikkje verre. No kan til og med dei skorvemarka laste ned apper som fortel korleis været skal være.
Ser vi tilbake i tid så brukte ein verteikn for å fortelle korleis været skulle bli. Oppførselen til dyr, fugler, månen og skyer sa sitt om det komande været. Til dømes: "Dersom ei hegre flyg frå Gjelsvika over åsen og inn te Leknes, då vert det skikkeleg styggevær" "Når orren klutrar om våren då vert det nordavind og kaldt" " og når sauene går til nattero høgt i terrenget vert det bra vær neste dag" Men det finst og nye verteikn som er minst like sikre eller sikrare enn desse gamle. " Når naboen atter står ute på altanen og røyker går det mot vår". " Om bonden søv uroleg natt til 1 mai, så er det nok framleis tele i jorda." "Om bygda søv urolig natt til 1 mai, så er nok det fordi bonden har vore ut og gylla på telen berre timer tidligere". Så kom det snø i mai i år igjen og folk vart overraska. Men ligna ikkje denne snøen på snøen som falt i fjor - på samme tid?

Sidan det er valgår velger vi å sjå litt framover ved å sjå litt tilbake til eit kommunestyre møte i Askvoll. «I kommunestyre vart det hissig diskusjon og usemje mellom Høgre og Arbeiderpartiet. På heimvegen køyrde bilen med arbeiderpartifolka utfor vegen og vart ståande. Så kom bilen med høgrefolka. Ein av desse sveiva ned bilruta og ropte: «Arbeiderpartiet har kjørt i grøfta ser eg»! «Ja» kom det frå bilen, vi køyrde for langt til høgre.»

Om ein vel å sjå til høgre, venstre, bakover eller framover så ser ein at vi bur i ei levande bygd. Her skjer ting - store og små, traust ting og spennande ting. Så får vi kose oss med at det snart er prosentvis like mange svenskar her i bygda som i Oslo. Vi kan jo skryte av at våre svenker ikkje er rådville. "En svensk svenske fikk motortrøbbel og bilen stoppa. På verkstedet slo dei fast at bilen var tom for bensin. Å? kan eg ha kjørt med det problemet lenge? spurte svensken." En svenske fra vår bygd bryr seg ikkje om bensin men trekker bilen sjølv, slik vi fekk demonstrert på Førdefjordagen tidligere i vår. Kanskje dette bildet fortel det meste om bygda vår - Vi drar lasset sjølv mellom bakkar og berg ut med havet, så best vi kan.

Takk for meg og til lykke med dagen!



(Sist oppdatert 19.mai 2013, 11:08)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel