Førdefjorden Vel

Nyhende

Folkebutikk - Kvammen handel

Invitasjon til teikning av aksjer for ny drift av Stubhaug & Co / Joker Kvammen

Etter meir enn 35 år med drift på Høgda ynskjer Ole og Anne Lise å selje butikken. Det er ingen som har meldt si interesse for å overta butikken og ved eigarskifte av nærbutikkar er det ofte vanleg at bygda går inn med kapital og dannar eit A/S, ein folkebutikk, som driftar butikken. Mykje tydde på at dette kunne være ei god løysning også for Joker Kvammen og difor vert Førdefjorden Vel utfordra til å setje i gang ein prosess kring dette. I det høve arrangerte Velforeininga folkemøte den 24. februar. I forkant av møtet vart det også oppretta ei arbeidsgruppe beståande av noverande eigar, rådgjevar frå Merkur-programmet og styremedlem frå Velforeininga som skal jobbe med å etablere aksjeselskapet.

Oppmøtet og responsen på folkemøtet synte at butikken er viktig for mange og at det er brei semje om fortsatt drift. Ei kort undersøking synte også at fleirtalet var villege til å kjøpe aksjer for minimim 5000 kvar. Dette ga ein god indikasjon på at det er grunnlag for å etablere folkebutikk i Kvammen. Vi i arbeidsgruppa og velforeininga er overtydd om at dette er ei driftsform som høver for butikken vår og som vil sikre ei stabil og sikker drift. Erfaringar frå andre folkebutikker er ofte at det vert meir aktivitet i- og oppslutning kring ein folkebutikk. Vi har trua på at vi i fellesskap skal klare å utvikle den viktigaste møteplassen i bygda vår. Familien Stubhaug har drevet butikken på ein framifrå måte og har satt en standard som vi ønskjer å strekke oss etter.

Vi har ei målsetting om Kr. 1.000.000 i startkapital. Dette for å løyse ut varelager og forskottere m.v.a. Ei aksje tilsvarar 5000,- , men vi vil oppmode dei som har høve til det , til å teikne seg for fleire aksjar. Samstundes har vi også full forståing for at dette ikkje høver for alle. Dette er ei investering i bygd og trivsel som vil komme alle til gode og vi setter stor pris på alle som vil være med å bidra!

Litt om sjølve aksjeteikninga:

No hastar det med å få samla inn kapital og registrere dei som vil teikne aksjar. Når det gjeld registrering av aksjeeigarar gjerast dette i Aksjeeigarregisteret med personnummer, adresse m.m. Dette skal ajourførast kvart år og med inntil 100 aksjeeigarar kan dette bli en særs tidkrevjande prosess. Ein vil da også måtte betale for at ein revisor skal gjere denne jobben. Etter tilråding frå Merkur-programmet støtter styret i Velforeininga og arbeidsgruppa ei ordning der bygdefolket skyt inn eigarparter til Velforeininga og så er det Velforeininga som skyt inn kapitalen til ”Kvammen Handel AS” som aksjekapital. Formelt blir då velforeininga 100% eigar, men det er folkekapitalen som står bak.

Dersom ein person ønskjer å skyte inn kr 20.000,- så vert vedkommande sett opp med 4 eigarpartar a kr 5.000,-. Dette vert innbetalt til Velforeininga på ein sperra konto som seinare vert opna for innbetaling som aksjekapital til «Kvammen Handel AS». Alle eigarpartar vert registrert på namn på ei liste og ved evt. oppløysing av selskapet, så vert eigenkapitalen delt ut på alle partane og så utbetalt til parthavar på lista.

Etter at den nødvendige kapitalen er samla inn vil det bli danna et styre som skal arbeide med den vidare utviklinga av folkebutikken og arbeide med saker som vedkjem aksjekapitalen. Det er aksjonærane som skal velje styret for Kvammen Handel og det er dette styret som står for tilsetjing av dagleg leiar og andre tilsette m.m.
Normalt kan ein ikkje rekne med å få utbytte på eigarpartane.

Vi vil særleg oppmode bedrifter og lag til å teikne aksjer

Vi ber alle som vil teikne seg om å betale inn på kontonummer: 3740.15.55723 innan laurdag 5.april.

Oppgje fullt namn, adresse og telefonnummer.

Alle vil få ein stadfesting av innbetalt aksjekapital. Butikken kan hjelpe til med å fylle ut betalingsgiro for dei som ynskjer det.

Vegen vidare:

1. Det vert informasjonsmøte (med m.a. Ronny Mowatt frå Merkur-programmet) på Allaktivitetshuset tysdag 25.mars kl. 20.00.
2. Danne styre for «Kvammen Handel»
3. Stifte og registrere selskapet.

Meir informasjon vil bli lagt ut på fordefjorden.no. Det vil også bli oppretta ei eiga Facebookgruppe. Alle vedtekter og dokumenter vil bli lagt ut på butikken.

For spørsmål: ta kontakt med leiar av arbeidsgruppa, Tormod Selvik på telefon 411 01 865
(Sist oppdatert 24.mars 2014, 08:34)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel