Førdefjorden Vel

Nyhende

Synfaring Hundsåna

Laurdag 11. oktober kjem nokre fylkespolitikarar med fylkesordføraren i spissen, samt nokre lokalpolitikarar på synfaring til rasområdet ved Hundsåna. Synfaringa startar kl. 14, og vegen vil bli stengd ein kort periode i tidsrommet 14:20-14:50. Det blir synfaring i frå land og frå båt for politikarane, før dei returnerer tilbake til Høgda. Der vil det bli servert betasuppe, kaker og kaffi, samt påfølgande møte. Vi i arbeidsgruppa ønskjer å nytte dette høvet til å få synleggjort kva vi strir med, og å få disktuert mulige framgangsmåtar for å framskunde ein eventuell tunnell! Vi har ikkje mobilisert til nokon folkeaksjon i denne samanheng, men kom gjerne på Høgda denne dagen. Møt opp og møt politikarane som skal hjelpe oss i arbeidet framover for ein sikker veg.

Stiftinga Høgdatun har laurdagskafè med salg av Betasuppe og kaker. Dei sel og t-skjorter med arbeidsgruppa si målsetjing.

Arbeidsgruppa Fv. 609 Heilevang/Hundsåna
(Sist oppdatert 07.oktober 2014, 21:14)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel