Til hausten skal vi starte opp eit nytt arrangement i Kvammen kapell
som vi har kalla Syng, for Guds skuld! Som dei fleste nok ser, så har
tittelen fleire tolkingsmoglegheiter. Men dei to mest augnefallande er
oppfordringen om aldri å stoppe å synge. For songen har stor verdi for deg som person. Og songen løyser ut energi i kvardagen.
Den andre tolkinga eg tenkjer på er at vi skal la songen også ha ein retning. Nemleg det å lovprise, hylle, anklage, rope om hjelp osb. Det å la songen ha ein adresse gjev songen ein ekstra dimensjon som også utløyser energi.
Kvar fyrste fredag i kvar oddetalsmånad klokka 19.30, har vi planlagt
å ha ein slik songkveld. Vi skal koma saman og synge songar ilag med orkester og koringsgruppe. Vi har bestreba oss på finne songar som skal femne om dei fleste interesser. Både gamle og nyare songar, ulike sjangre, men alle har ein link til tema for kvelden. Tema for den fyrste kvelden er «når eg i undring anar»
I haust er det planlagt å ha:
- fyrste fredagskvelden i september 2. september, med tema «når eg i
undring anar»
- fyrste fredagskvelden i november 4. november, med tema «Tru og tvil hand i hand»
- vi har og planlagt ein juleutgåve 16.desember.
Så no vonar eg at dette er eit arrangement som de vil like og vil
støtte og tek turen i kapellet desse kveldane.