Førdefjorden Vel

Nyhende

Vevringutstillinga 30 år

150 kunstnarar frå 10 land til Vevring med kunst!

30-årsjubileum for Vevringutstillinga 18.-20.september.

Verda kjem til Vevring, når 150 kunstnarar frå 10 land skal fylle hus og landskap med kunst og impulsar av mange slag!

Ope fredag og laurdag kl 11-18.00, sundag kl 11-16.00

Gjennom åra har 300 kunstnarar stilt ut i Vevring, og saman med bygdefolket og dei 50.000 vitjande skapt Vevringsutstillinga, dette storslagne møtet mellom landskapet, mennesket og kunsten.

No kjem 150 av desse 300 kunstnarane tilbake og skal fylle Vevring med kunst av alle slag! Heile bygda vert teken i bruk til utstilling og oppleving, Det vert stilt ut i skulen og kyrkja, i naust, løer og kjellarar. Gruppe MIM tek også fjorden i bruk, og set ut 500 små båtar lasta med biologisk mangfald, truga artar. Ikkje minst vil ein kunne vandre i Vakre Vevring og oppleve mykje kunst ute.

Her vert det også svært mykje kunst å kjøpe med seg heim!

• Opning av 30-årsjubileet fredag 18.september kl 11.00, med støykonsert av Decibel. Decibel er eit bestillingsverk laga av Geir Hjetland. Torkjell Samsund er prosjektleiar og Maja Radtke er komponist.

Decibel er eit 16 meter langt lydhorn, det største i verda? Verket er ein hyllest til Vevringsamfunnet, men også ein skarp politisk kommentar i form av samtidskunst, til veldige ømsøkte bergverksplaner som viss realisert, vil påføre Vevring døgnkontinuerleg støy.

Decibel held konsert med mellomrom gjennom heile helga. Verket er støtta av Norsk Kulturråd.

• Lydspel ved borna. Ulla Mari Brantenberg, glaskunstnar og musikar "overtek" Vevring skule og alle borna der, samt alle 7.klassingar i Naustdal kommune, heile komande veke. Dei skal bl.a. lage og øve inn eit "lydspel". Lydspelet vert framført som del av opninga av jubileet, like etter decibel-konserten.

• Turboseminar laurdag: "Vevring som fenomen og kulturformidlar" ved kunsthistorikarane Gunnar Danbolt, Jorunn Veiteberg og Erlend Hammer.

• Knut Reiersrud med band held konsert i stort telt laurdag 19.sept kl 15.00. World-music, i rammene av kunst og spektakulær natur! Billettar kan bestillast, men må hentast seinast 1 time før konsert: tlf 57818805.


Alle Vegar til Vevring 18.-20.september!

• Florøfolk vert invitert til kulturreise med fjordabåten Atløy til Vevring! Avgong frå Florø laurdag 19. og sundag 20. kl 10.00, retur frå Vevring kl 17.30. Turen tek 2 t. Pris t/r kr 250,- vaksne, 150,- born.

Inngongsbillett utstillinga kr 50,-. Konsert kr 300. Billett til Atløyturen, samt til konsert kan kjøpast på Narvesen i Strandgata.
Først til Mølla!

Atløy går frå Kvammen, bli med frå både Askvoll og Førde! Frå Kvammen kl 12.30, med retur kl 17.00. Pris t/r kr 100 / 50 barn

Atløy går fjordturar ut frå Vevring kl 13, 14, og 15.00. Pris 80 / 40,-. Opplev det rike fjordlandskapet, med utsyn til Håsteinen, Heilefjellet, Gjøringebøskolten og Engebøfjellet, samt grøne bygder mellom bylgje og bre.

• Bussar, gratis, frå Førde via Naustdal (stoppestad Sanden) til Vevring, fredag 18.-sundag 20.sept. Frå Førde kl 11.00 og 13.00. Frå Vevring kl 14.00 og 17.00

For dei turglade er det fine turvegar og stiar, bla. til Engebøfjellet.

Les meir om Vevringutstillinga, dei 150 kunstnarane, bestillingsverket Decibel

Verda kjem til Vevring 18.-20.september, kjem du?


Kontaktpersonar Vevringutstillinga, konsert, alt:
Cathrine Andresen, Mob:99599918
Wenche Wefring, Mob:91530687

Vedr Decibel:
Torkjell Samsund, mob:97976282

U.t. kan også kontaktast ( sjå under all tekst)

Nokre innspel vedr dekning av jubileet:
-Vevring-folket som no riggar, maler og byggjer, bryggjar og bakar, fiskar, flekkjer, saltar og røykjer til dei store måltida av fisk frå fjorden og grøde frå gardane. Kan bli fine bilete av bryggjinga, stemningsfullt. DEN STORE FELLESSKAPINGA!

-Der det er hjarterom: Alle som gjer klar rom i husa sine, borti 200 menneske vert husa i heimane. Somme Vevring-folk legg seg i telt i hagen, for å la kunstnarane få sengene sine!

-Vevringutstillinga kjem av inspirert folk og samhald; ikkje som fylgje av offentlege vedtak og offentlege budsjett.

-Dei to som "fann opp" Vevringutstillinga, Gerd Thingnes og Sarah Thingnes, bur i Vevring, og dei 4 første som stilte ut og var med å starte suksessen kjem tilbake no, skal vere ei tid på Dalsåsen-senteret, dei har og retrospektiv utstilling på Sogn og Fjordane kunstnarsenter i Førde, opning no like før jubileet.

-For all del snakk med Decibel-skaparane; Geir Hjetland og Torkjell Samsund.

-Merkevara Vevringutstillinga, betydninga som kulturlokomotiv gjennom 30 år.

-Kontrasten mellom dette livskraftige bygdesamfunnet med unik natur og spektakulær natur -
og veldige industriplaner om bergverksdrift med ope dagbrot og fjorddeponi i umiddelbar nærleik.

Mvh

For Vevringutstillinga
Anne-Line Thingnes Førsund
Mob:95724242


(Sist oppdatert 10.september 2009, 10:07)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel