Førdefjorden Vel

Nyhende

Sauesanking

I desse dagar føregår det storstilt sauesanking i fjellet vårt. Kvar vår vert det jaga omlag 1500 sauer og lam til fjells i området frå Hestvik til Osland og spenninga er stor når det gjeld å få rett antall heimatt. Sjukdom, skader og rovdyr gjer til at tapsprosenten i Nordre Askvoll Sankelag ligg på rundt 7. Største syndaren er etterkvart vorte flott. Ein kombinasjon av milde vintrar og attgroing av beiteområda gjer til at flottpopulasjonen går rett til vers, noko både folk og fe merkar.

Hovudsankinga var no i helga, ser du sau og lam på fjellbeite no må du gje beskjed til saueeigarar i det aktuelle beiteområdet.



(Sist oppdatert 16.september 2009, 11:08)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel