![]() |
Haustfest |
Sjøstjerna 4H hadde haustfest laurdag 26 september. |
![]() |
Husbygging |
Det går ikkje hus forbi at det er stor aktivitet på tomtene som vart seld for ei krone tidlegare i år. Terje Selvik har ordreboka full desse dagane og opparbeiding av tomtene går unna. |
![]() |
Atløy |
I samband med Vevringutstillinga gjekk veteranbåten Atløy i skytteltrafikk mellom Florø, Vevring og Kvammen. Dette var eit populært tiltak som mange nytta seg av. Mange har eit forhold til båten sidan den gjekk som lokal rutebåt tidlegare. Båten i bakgrunnen kan også definerast som veteranbåt, men har av ulike grunnar ikkje vore nytta til transport av verken folk eller spikar siste tiåra... |
![]() |
Heimlengt |
Gustav Skaar |
Sauer i fint driv mot slakteriet. |
![]() |
Sau |
Sauebøndene i bygda har gått saman om felles levering av lam. Fordelane er ekstra betaling til bonden, enklare henting for Nortura og god anledning til fagprat. |
![]() |
Rydding |
Førdefjorden Vel har vorte løyvd SMIL-midlar til skogrydding langs riksvegen. I denne samanhengen har det vorte rydda utanfor krysset ned i Gjelsvika. No kan ein faktisk sjå makrell som bryt vassflata utanfor sanden når ein køyrer forbi, for dei som har interesser i dei baner. |
![]() |
Gullgraving? |
Mørke skyer over Engebøfjellet? 27. september var frist for uttale til Engebøprosjektet, eit prosjekt som får blodet til å bruse i årane på mange, av ulike grunnar. |