![]() |
Basar |
Steinar Bråstad |
Hausten er basartid. I oktober hadde Helselaget og Allhuset basar med bra frammøte og mykje selde lodd. |
![]() |
Matøkt |
Steinar Bråstad |
Med god mat og spenning frå første trekte lodd er dette fin søndagsunderhaldning for fleire aldersgrupper. |
![]() |
Dugnad |
Steinar Bråstad |
Kvammen Båtlag har stått bra på med forskaling og støyping i småbåthamna. Dugnadsånda er som vanleg bra, til alle døgnets tider |
![]() |
Rundkøyring? |
Steinar Bråstad |
Vegen ned til Kvamsvika er trang. Truleg var hest og kjerre meir i tankane då vegen vart bygd enn semi-trailer på 17 meter. Med lokale krefter bak rattet gjekk det likevel greitt å få losa ned lasta med uteliggarar til småbåthamna |
![]() |
Nattarbeid |
Steinar Bråstad |
Det er ikkje godt å rekke over alt. Kvammen Båtlag har ei ny løysing på tidsklemma og har begynt å legge dugnadsarbeid til natta. Godt oppmøte likevel. Resultatet av arbeidet såg ein vel først når det vart dagslys, og det såg bra ut då og. |
![]() |
Folkemøte om Engebøprosjektet |
Møtet var vel strengt i september, men debatten rundt Engebøprosjektet har ikkje stilna sidan då. Førdefjorden Vel har levert sin høyringsuttale så no er det opp til Olje og Energidepartementet å sei kva dei meiner om den...? |
![]() |
Grunnavatnet |
Flott vær i oktober, her illustrert med eit blikkstille Grunnevatn. |
![]() |
Husbygging |
Husa i byggjefeltet på Høgda tek form. Berre så synd dei gløymde å teikne inn vindauge. |