Førdefjorden Vel

Gjelsvik skule

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement


Gjelsvik skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 50-60 elevar. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader ved riksveg 609, og har lik avstand både til Førde og til kommunesenteret Askvoll; om lag 30 km. Vi er samlokalisert med Gjelsvik barnehage, SFO og kulturskulen. Barneskulen er tredelt og ungdomsskulen er todelt. Lærarkreftene er stabile. Her er for tida tolv tilsette i skulen og på SFO, ni i barnehagen og to tilsette som reinhaldarar. Vaktmeistrane deler vi med dei andre skulane i kommunen.


Skulebygget er godt fungerande og har blitt bygd/påbygd for høvesvis 30, 20 og 10 år sidan, etter kvart som plassbehovet har blitt større. I tillegg har skulen kort veg til aktivitetar både ved sjøen og i fjellet. Ettersom vi har born i alderen 0-16 i same bygget, har vi og gode høve til aldersblanda aktivitetar, som den tradisjonsrike grillfesten vi held ved kvar sommaravslutning, der både foreldre, besteforeldre, sysken og born deltek. Skulen vert også brukt som møtelokale for dei fleste lag og organisasjonar i bygda og er slik sett også eit samlingspunkt utanom skuletid.


Skulen sine overordna satsingsområde er mellom anna eit godt skulemiljø, tilpassa opplæring og skulevurdering. Skulen og barnehagen er også lærebedrift dvs at vi har lærling innanfor barne-og ungdomsarbeidarfaget, i tillegg er vi også øvingsskule for lærarskulestudentar.


Gjelsvik Skule sine eigne nettsider


Førdefjorden Vel