Førdefjorden Vel

Musikkverkstad

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement




Historikk:
Det starta hausten 2005 med nokre gitarelevar i ei kjellarstove i Flokeneset. Det var fleire som hadde etterlyst gitarundervisning, og det vart sett i gang to grupper med Øyvind Selvik som lærar. Då det nærma seg jul hadde Askvoll Kulturskule skaffa midlar til setje i gang eit nytt kulturskuletilbod i Gjelsvika, så elevane og læraren vart overført til dette tilbodet. No fekk elevane gitaropplæring i eit klasserom på Gjelsvik skule kvar torsdag ettermiddag. Her inne dreiv kulturskulen allereie undervisning i piano og biletkunst, så no vart tilbodet utvida.

Hausten 2006 vart det kjøpt inn bandutstyr som el-gitarar, forsterkarar, el-bass, mikrofonar, PA-anlegg og liknande. No låg det til rette for å drive grunnleggjande opplæring på ulike instrument, og undervisning i bandsamspel. Det var stor interesse for å spele i band blant dei unge i bygda, så det var mange som søkte om plass ved musikkverkstaden. Rock’en hadde verkelig fått fotfeste i dette området langs Førdefjorden!. Det var førebels ressursar til å drive 3 grupper, resten av søkjarane måtte vente til året etter før dei fekk plass.


Skuleåret 2007-2008 var det 30 elevar knytt til musikkverkstaden. Desse var fordelt på 5 ulike grupper.


Skuleåret 2008-2009 var det 30 elevar fordelt på 6 grupper. Vi starta bl.a. ei nybyrjargruppe med elevar frå 2 og 3 klasse. Her jobba vi med song, rytme og gitarspeling.
Bandet ”Incident” som var sett saman av 5 stk tiendeklassingar kom vidare til Fylkesfinalen i UKM med sjølvlaga låt. Dei var også i studio i løpet av vinteren, og spelte inn 2 låtar der.


Skuleåret 2009-2010 var det 26 elevar fordelt på 6 grupper. Dette året vart det starta opp ei nybyrjargruppe til. I fleire av gruppene skreiv dei no låtar sjølv. Vi tok sikte på å framføre nokre av desse på ”Skumringstimen” seinare på hausten.


Skuleåret 2010-2011 er det også 26 elevar. Desse er fordelt på 5 grupper, og 3 enkelttimar. Også i år vart det starta opp ei nybyrjargruppe, med elevar frå 1 og 2 klasse. Alle gruppene deltok på ”Skumringstimen” i haust, med kvart sitt konsertinnslag.

Det å spele i rockeband har blitt eit del av fritida til mange i bygda. Det er sosialt, lærerikt og identitetsskapande! Eit par ganger i året får elevane vist seg fram på konsertar i lag med resten av kulturskulen i kommunen. Fleire av gruppene er også med på Ungdommens kulturmønstring (UKM) kvart år. Etterkvart har det også dukka opp speleoppdrag i andre samanhengar, t.d. på skuleavslutningar, jubileum og 17-maifestar. Dette er igjen med på å inspirere nye unge ”rockarar” til å plukke opp gitaren…









Førdefjorden Vel