Førdefjorden Vel

Søndagsskulen

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Velkommen til Kvammen søndagsskule. Du finn oss i kapellet omlag to søndagar i månaden mellom 11.00 og 12.15. Vi har ein eigen plan for når tid vi møtast, og den ser du i kalenderen. Ann Britt og Marit er leiarane våre. Vi brukar å vere samla omlag 20 ungar. Vi vert delt i to grupper etter alder, ei for dei mellom 4 år og opp til 5.klasse, og ei for dei som går i 5. klasse og oppover. I år følgjer dei eldste eit opplegg der vi går gjennom dei viktigaste hendingane i det Gamle Testamentet. Nokre av oss har og oppgåver der vi td hjelper med registrering, musikk til songane og praktisk hjelp med dei som er yngre. Dei som er yngre lærer og om bibelhistoria. Vi brukar data, har formingsaktivitetar og så leikar vi litt. Vi startar alltid med begge gruppene samla.

Søndagsskulen deltek og av og til i gudstenester. Då er vi med og syng, deler ut program, tenner lys ol. Vi har og hatt hovedansvar for "Barnas Påskedag." Då har vi gudsteneste saman med søndagsskulane i Holmedal og Askvoll. Her deltek vi med drama og song. Ein gong i året er foreldrene med og har kyrkjekaffi (-saft) etter ei av gudstenestene der søndagsskulen har delteke.

Har du rette alderen er du hjarteleg velkommen til å bli med!

Førdefjorden Vel