Førdefjorden Vel

Sjøstjerna 4H

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

4H logo

Vi lovar å arbeide mot det mål å bli ein ungdom med klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse.


Kva er 4H?

4H er ein barne- og ungdomsorganisjon knytta til naturbruk, friluftsliv og bygdesamfunn gjennom lokale 4H-klubber. Aldersgruppe er 10-25 år. I 4H deltar medlemmane på leir og kurs med mange spennende aktivitetar og temaer.

Som 4H-medlem vel du eit praktisk 4H-prosjekt som du arbeidar med gjennom heile året. 4H-prosjektet har ein skrivedel og ein gjeredel.
Gjennom arbeidet med 4H-prosjektet lærer du mykje nytt. Det er over 80 forskjellige praktiske 4H-prosjekt å velje mellom, slik at alle skulle finne eit emne som passar.




Sjøstjerna 4H

Sjøstjerna 4H vart grunnlagt i 1965 av Oluf og Osvald Osland, og har per i dag omlag 25 medlemmar(2010).

Vi byrjar 4H-året med «pangstart» der vi inviterer naboklubbane, og feirer med god mat og drikke at vi er klare for eit nytt år. Andre aktivitetar som vi arrangerar er; Kafé for å markere 4H-dagen i mai, der vi sel lodd, mat og drikke, har konkurranser og leikar for store og små. Kvart år, rett før sommarserien har vi ei avslutning for medlemmane med familie der vi grillar, badar og koser oss. I september/oktober kvart år arrangerar vi haustfest. Då får alle medlemmane vurdert og stilt ut oppgåvene sine, og vi har program på scena for familie og andre som ynskjer å komme.

Første helga i advent har vi den årlege «nissekaféen», der vi i tillegg til å selje mat og drikke, kler oss ut som små nisser, arrangerar forskjellige aktivitetar og tenner julegrana ved butikken på Ålahøgda. Det har óg vert som tradisjon i klubben å arrangere fjellturar og aktivitetsdagar, men det har det dessverre blitt lite av dei siste åra, sjølv om vi kvart år set det opp på årsplanen. Vi har også andre aktivitetar, som til dømes karneval.

Sjøstjerna er også med på å utforme området ved badeplassen ved Øyravatnet, vi har fått tilskot til å bygge ein gapahuk, sett av eigne pengar til å kjøpe inn 2 stk kanoar. Planen er at vi skal bygge ein miljøplass som kan brukast til aktivitetar ute.


Ønskjer du å bli medlem?
Kontakt leiar Marte Mandelid: 975 85 813 eller klubbrådgjevar Marianne Kjosås Leknes: 900 95 098

Linkar:
Nordisk leir 2009

Sogn og Fjordane 4H

4H Norge
Førdefjorden Vel